Falske nyhende spreier seg raskare enn koronaviruset

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 20.01.2022 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med store verdskriser, kjem også mengder falske nyhende.

Styresmakter og helsepersonell må ikkje berre kjempa mot smittefare og spreiing av koronaviruset, dei må også kjempa mot halv-sanningar og falsk informasjon som spreier seg minst like raskt på nett.

Nettstaden Buzzfeed prøvde å halda ei oversikt over dei ulike falske nyhenda som dukka opp kontinuerleg.

Kvitløk som kurerer, rykter om biovåpen og andre konspirasjonsteoriar

Først kom det konspiratoriske rykte om at koronaviruset var laga på ein hemmeleg, statleg lab i Kina. Så kom ulike tulle-medisinar og helsetips som visstnok skal gjera deg immun mot viruset (som kvitlauk eller varm drikke), ein kinesisk trollfabrikk spreidde rykte om at Taiwan dekte over korona-dødsfall, og det er konspirasjonsteoriar om at viruset er skapt av legemiddelindustrien for å selje dyre medisinar og fleire vaksinar.

I USA går det drøssevis med rykte om at koronaviruset på ein eller annan måte finst for å svekka Donald Trump:

Trump sjølv sa i månadsskifte februar/mars at det er demokratane sin nye bløff (hoax) for å ramma han.

På Youtube er det konspirasjonsteoriar om korona-pandemien ikkje er sann.

På Reddit konspirerer dei om at det er eit plott frå den amerikanske staten for å styrta regjeringa.

Det verserer historier om at Forsvarsdepartementet har laga viruset målretta mot Kina.

På TikTok og Twitter er det ein drøss med folk som meiner Bill og Melinda Gates sin organisasjon har laga viruset, også for å treffe Kina.

Den konservative politiske kommentatoren og talkshow-verten Rush Limbaugh fortel sine millionar av lyttarar at medietrykket rundt viruset er der for å destabilisere aksjemarknaden og trua presidentskapet til Trump – at det eigentleg berre er ei vanleg forkjøling.

Ingenting av dette er sant.

WHO på TikTok

No prøver dei store sosiale medium-tenestene å avgrensa spreiinga av falsk informasjon.

Om ein søker på «coronavirus» på Google, Facebook, Twitter, Instagram, TikTok og Snapchat skal ein bli sendt til WHO eller lokale helsestyresmakter.

Også Google-eigde Youtube legg videoar frå truverdige kjelder som helsestyresmakter og nyhendekanalar øvst, når du søker på «coronavirus».

På TikTok har WHO laga ein konto for å spreie korrekt informasjon om viruset og tips til korleis ein kan unngå smitte. Også denne kontoen ligg øvst i appen om ein søker på «coronavirus».

@whoThese are 7 simple steps to protect yourself and others from ##COVID19. ##coronavirus♬ original sound – who

Tysdag førre veke sa Mark Zuckerberg i ein Facebook-post at også Facebook jobbar med å fjerna konspirasjonsteoriar rundt koronaviruset, og løfta fram god informasjon frå truverdige kjelder som WHO (Verdas helseorganisasjon), UNICEF og den nasjonale etaten for sjukdomskontroll og førebygging (CDC) i USA.

– Me gir WHO så mange gratis reklamar som dei treng for å respondera på koronaviruset, skreiv Zuckerberg.

Facebook har lova at dei vil sjå gjennom og fjerna det som kan vera skadeleg og misleiande informasjon rundt koronaviruset. Påstandar som oppmodar folk til å ikkje få helsehjelp eller gjere det helsestyresmakter har råda til – blir fjerna. Det same med innlegg og videoar som har blitt merka som falskt av faktasjekkarane.

Umogleg å kontrollera i praksis

Men det er det ikkje alt som er like enkelt å kontrollera.

I private Facebook-grupper spreier feilinformasjon seg som eld i tørt gras, og Facebook-forbodet mot reklamar for medisinske ansiktsmasker, vert brotne og florerer på plattforma.

Meldingstenesta som Facebook eig, WhatsApp, er kryptert noko som gjer at berre sendar og mottakar kan sjå meldingane. Dimed kan ikkje eigarane (Facebook) av nettverket gå inn og regulera eller sensurera misinformasjonen som vert spreidd der.

Google-eigde Youtube har også prøvd å fjerna videoar som utgir seg for å gi medisinske råd, men som i realiteten kan vera skadeleg. Likevel er det framleis mange filmar ute med titlar som feilaktig hintar om ein kur for viruset, og i kommentarfelta er det mengder med linkar og spreiing av alternativt, ubekrefta innhald om ulike behandlingar og kurar.

Sjølv WHO har måtte gå ut med ei åtvaring om falske e-postar som ser ut som dei er sende frå WHO. Desse har linkar med datavirus.

Også i Noreg har det blitt delt falske nyhende, mellom anna om det som skulle vera første registrerte koronatilfelle på Oslo universitetssjukehus, som vart spreidd gjennom Snapchat.

Også nyhende-kanalar blir lurt

I tillegg raporterer mellom anna Washington Post om at bot-ar på Twitter, Facebook, Instagram, og andre stader deler innlegg som er skapt for å laga forvirring og kaos. Innlegg som bygger under at det er ein bløff, eit biovåpen, skapt av land for å skapa frykt og helsekrise og meir.

Ikkje minst skapar dette kaos for dei som skal sile ut denne falske informasjonen for folket, nemleg media. Men også dei går på ein smell.

NRK beta avslørte tidlegare i mars at alle store norske medium har blitt lurt av russiske troll-kontoar.

New York Post har til dømes meldt om at viruset kom frå ein biolab i Kina. Eit medisinmagasin skreiv at ein reisande frå Kina hadde smitta ein person i Tyskland, sjølv utan symptom. Det viste seg seinare at ho faktisk hadde hatt symptom. Og (den falske) nyhenda om at Eminem var blitt smitta av viruset spreidde seg både på sosiale medium og i fleire ulike nyhendenettstadar.

Med så mykje uvisse og kontinuerleg ny informasjon er det vanskeleg å orientera seg.

Del berre frå sikre kjelder

For me har ikkje alle svara – og samstundes ynskjer alle å spreie dei svara ein har, så fort som mogleg. Og sjølv dine eigne vener kan ha kome i skade for å ha delt falsk informasjon.

– Det er ein god idé å få fakta frå truverdige kjelder, for å kunne gjere gode vurderingar for eigen risiko og korleis du kan ta dei beste forhaldsreglar. Oppsøk rettleiing frå WHO, din fastlege, nasjonale helsestyresmakter og arbeidsgjevaren, skriv WHO i sin situasjonsrapport frå 1. mars.

Har du spørsmål om det nye koronaviruset?

Om du ikkje finn svar på fhi.no eller helsenorge.no, kan du ringe Helsedirektoratet sin informasjonstelefon: 815 55 015. 

Om du trur du kan vere smitta: ring fastlegen.

Ver merksam på at du ikkje skal ringe legevakta på 116 117 om du er frisk eller har generelle spørsmål om koronavirus.

Du skal heller ikkje ringe nødnummeret 113 for spørsmål om koronaviruset – nødnummeret er reservert for dei som er avhengige av akutt helsehjelp, ved livstrugande sjukdom eller skade.

Foto: AP Photo/Jim Mone, File. Kollasj: Framtida.no