«I går vakna eg til ein video av hundrevis av opprørspoliti med hjelm og skjold som marsjerte i land på Chios og Lesvos»

Ida Johanne Aadland, frivillig hjå Iris Center Chios
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Facebook-sida til forfattaren seint i går kveld og er republisert med løyve.

Det siste døgnet på Chios har vore spesielt og skremmande.

«Folk angrip politiet i sentrum, hald dåke heime», fekk eg melding om for nokre timar sidan. For femten minutt sidan delte ein annan frivillig på øya nyheita om at lokale har gått inn på hotellet berre ein kilometer frå der me bur og banka opp ni politimenn.

Situasjonen på dei greske øyene no:

I går tidleg vakna eg til ein video av hundrevis av opprørspoliti med hjelm og skjold som marsjerte i land på Chios og Lesvos. Dei var sendt frå myndigheitene i Athen saman med anleggsmaskiner som skal brukast til å lage den nye, planlagte leiren, for å hindre at lokalbefolkninga motset seg byggestarten.

På kaia stod hundrevis av demonstrantar frå lokalbefolkninga for å gjere nettopp det: «Me vil ikkje ha den nye leiren», protesterte dei fredeleg, som så mange gongar før. Blant anna hadde ordføraren beordra å stenge porten til hamna så politiet og anleggsmaskinene ikkje kom seg inn på øya. Politiet svara med tåregass.

Tanken på å sperre dei same problema inne i ein lukka leir skremmer meg

Den planlagte leiren skal vere lukka, som betyr at flyktningane må halde seg i leiren til asylsøknaden deira er ferdig behandla (som per i dag kan ta fleire år) utan moglegheit til å gå utanfor området. Området dei skal bygge på, ligg til fjells og langt frå folk, og seiast å vere ekstra varmt om sommaren og snøkledd om vinteren. Den nye leiren skal ha ein kapasitet på 5000 menneske, sjølv om noverande leiren Vial allereie husar 7000 menneske. Forholda er fryktelege og livsfarlege slik det er i dag, og tanken på å sperre dei same problema inne i ein lukka leir skremmer meg og mange andre.

Også dette biletet er teke tysdag 25. februar på Lesvos, der opprørspoliti og lokalbefolkinga har hatt kraftige samanstøytar på grunn av planane om å byggje nye mottakssenter for flyktningar. Foto: AP Photo/Michael Varaklas

Valdelege demonstrasjonar

Kommunestyret og innbyggjarane på øya har allereie sagt einstemmig nei til dei nye leirane fleire gongar.

1: fordi dei er imot konseptet lukka leirar. Mange kallar dei planlagte leirane for “nye konsentrasjonsleirar”.

2: fordi dei er imot bygging av fleire fasilitetar som inneber at store mengder flyktningar blir låst på øya. Helst vil dei ha flyktningane overført til fastlandet.

Myndigheitene sitt val om likevel å byrje bygginga og attpåtil sende med nokre hundre tenestemenn frå “riot police” for å overkøyre og overhøyre protestane frå dei lokale er svært upopulært blant øybefolkninga, forståeleg nok.

Utover gårsdagen flytta både demonstasjonane og dei fleire hundre politifolka seg oppover i fjella dit leiren skal byggast. Protestane som byrja fredeleg, utvikla seg til å bli valdeleg frå begge sider.

Denne videoen frå Chios vart publisert av The Independent i går:

Ordføraren til sjukehus

I ei av lokalavisene vert det beskrive som at politiet “knusar” alle forsøk på prostestar frå dei lokale med tåregass og sjokkgranatar.

Fleire, deriblant ordføraren på øya, er sendt på sjukehus med pustevanskar og fysiske skadar frå møte med politiet og tåregassen, og det siste eg har høyrd no er altså ein video frå nabohotellet der ein politimann blir sparka mens han ligg nede.

I dag har det meste av både privat og offentleg sektor på øya vore stengt fordi dei tilsette har streika og demonstrert mot det dei meiner er maktmisbruk frå myndigheitene.

Dei lokale er sinte.

Sinte på regjeringa fordi dei blir ignorert og øverkøyrd av regjeringa.

Sinte på oss hjelpeorganisasjonar fordi det einaste me deler frå øya er bilder av elendighet. Nokon meiner òg arbeidet me gjer opprettheld problema, fordi det at det står noko å tek imot betyr at flyktningane kjem til å halde fram med å komme.

Sinte på flyktningane fordi dei bur på jorda deira, brukar oliventrea dei har hatt i generasjonar som brensel og lagar køane på eit allereie slitent sjukehus endå lengre.

Unntakstilstandar og sensur

Ein gresk ven forklarar det slik: «Det er mange grekarar som slit økonomisk og ser at flyktningar får utdelt gratis hus og pengar. Det er òg mange som er redd for at den muslimske befolknina kjem til å øydelegge den greske livsstilen og religionen deira. Det høyrest sprøtt ut, men når du les den greske historia og lærer at dette har skjedd før, byrjar du å forstå det».

Sjølv om valden er uakseptabel, er sinnet forståeleg. Unntakstilstandar har blitt normalen på øyene, og gong på gong er det lokalbefolkninga og flyktningane som må ta konsekvensane og støyten for det greske myndigheiter og resten av Europa har bestemt.

Noko av det som skremmer meg mest er meldingane om at lokalmedia blir pålagt sensur og ikkje får melde direkte frå hendingane på øyene utan at det må innom høgare hald.

Tidlegare i dag publiserte nyheitsnettstaden Ruptly denne videoen frå Chios på Twitter:

Forvirring og coronafrykt

Situasjonen er uoversikteleg og me prøvar å navigere mellom Facebook-grupper og lokalaviser lese på Google translate for å få informasjonen me treng for å forstå kva som skjer.

Eg har enno ikkje sett noko i riksdekkande norske media om situasjonen, sjølv om eg har prøvd dei vanlege tips-kanalane. Om nokon kjenner noko som kjenner noko, sei ifrå. Norge og Europa bør vite kva politikken og haldningane vår resulterer i.

(Til info: me er trygge)

// I dag var det også bekrefta at coronaviruset er kome til Hellas. Kjem det til øyene og leirane med nærast ikkje-eksisterande legehjelp kan ting bli endå styggare.

Til info: Ida Johanne Aadland har tidlegare jobba som journalist i Framtida.no og frilansar framleis for oss, men skriv dette privat.