Mållaget med språkrefs til Visit Norway

Noregs Mållag meiner det er kritikkverdig at Visit Norway marknadsfører kjende reisemål i nynorskområde på bokmål.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.03.2020 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er oppdatert med tilsvar frå Visit Norway.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn meiner Visit Norway må trykke nynorsken til sitt bryst, ikkje halde den på ei armlengdes avstand. Foto: Noregs Mållag

– Sidan Visit Norway er eigd av staten via Næringsdepartementet og Innovasjon Noreg, bør vi kunna forventa at det vert reklamert både på bokmål og nynorsk. I dag brukar Visit Norway bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han peikar på at Visit Norway i 2017 lova at dei skulle vurdera om dei skulle ta i bruk nynorsk, utan at det har skjedd noko særleg.

På armlengdes avstand

– Mitt inntrykk er at Visit Norway vil halda nynorsken på ei armlengdes avstand, og at dei i praksis ser på «norsk» som eigentleg berre bokmål, seier Aasbrenn.

Han meiner dette bryt med mållova som seier at det skal vera ei rimeleg fordeling mellom målformene i informasjonstilfang som er eigde av statsorgan. Mållagsleiaren peikar også på at mange av dei mest kjende reisemåla i Noreg ligg i nynorskområde.

To former engelsk, men berre éin norsk

– Visit Norway greier å gje informasjonen sin på fjorten andre språk. På nettsidene presenterer dei stoffet sitt på britisk og amerikansk engelsk, dansk, fransk, tysk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, polsk, brasiliansk, portugisisk, spansk, japansk og svensk. Då burde det vera innanfor rekkjevidd å bruka nynorsk også, seier Magne Aasbrenn.

Dersom nynorsk-boikotten frå Visit-Norway held fram, vil Noregs Mållag leggja saka fram for næringsminister Iselin Nybø.

– Ikkje eit statsorgan i mållovas forstand

Visit Norway meiner derimot at Mållaget kjem med uriktige påstandar.

– Når Noregs Mållag hevdar at vi bryt mållova på visitnorway.no , er det feil. Visit Norway er reiselivsavdelinga til Innovasjon Noreg, og Innovasjon Noreg er ikkje er eit statsorgan i mållovas forstand. Visit Norway sitt oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet er internasjonal marknadsføring av Noreg som reisemål, seier Cristine Baglo i Innovasjon Noreg, og redaktør for visitnorway.no.

Hos dei får aktørane i reiselivsnæringa bruke nynorsk dersom dei ønskjer det sjølv.

– Ein stor del av innhaldet på visitnorway.no finst allereie på nynorsk i dag, meir enn 2.000 sider. Produktoppføringar på Visit Norway sine norske sider vert gjort av destinasjonane/aktørane, der dei står fritt til å bruke nynorsk som målform. Dei destinasjonane som ønskjer det, kan ha sine destinasjonspresentasjonar på nynorsk på visitnorway.no, fortel Baglo.

På Instagram kunne Halsey avsløra for sine 18,5 millionar følgjarar at ho kan norsk. Skjermdump: @iamhalsey