Mållagsleiar reagerer på manglande nynorsk på nettsida til Visit Norway

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, reagerer på at dei norske nettsidene til Visit Norway ikkje tilbyr turistinformasjon på nynorsk.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visit Norway er eit marknadsføringsselskap retta mot turistar. Selskapet er eigd av Innovasjon Noreg, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet.

– Som leiar i Noregs Mållag reagerer eg på at dei norske sidene til Visit Norway ikkje tar omsyn til at mange av dei mest kjende reisemåla i landet ligg i nynorskområde, seier Aasbrenn.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn reagerer på manglande nynorsk på heimesidene til Visit Norway. (Foto: Noregs Mållag)

Informasjon på 13 språk

Aasbrenn trekkjer fram fleire eksempel der han meiner nynorsk burde vere presentasjonsspråk.

– I presentasjonen av Sognefjorden, til dømes, står det at: «Fjorden er mer enn 1 300 meter på sitt dypeste, og fjellene langs fjorden stiger 1 700 meter til værs». Via ei underordna lenke kan ein så klikke seg vidare til «Sognefjordens offisielle nettsted», som har nynorsk tekst. Kvifor kan ikkje nynorsk bli brukt også i den «overordna» teksten som skildrar dei ulike reisemåla?, spør Aasbrenn.

Han legg til at det same gjeld for Setesdal, Sunnmøre og Telemark.

På nettsidene presenterer Visit Norway stoffet sitt på britisk og amerikansk engelsk, dansk, fransk, tysk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, polsk, brasiliansk portugisisk, spansk, russisk og svensk.

– Visit Norway greier å gi informasjonen sin på 13 andre språk, så dermed burde dei ha kapasitet til å få med nynorsken også, meiner mållagsleiaren.

Vil sjå på saka

Aasbrenn meiner praksisen bryt med mållova.

– Inntrykket mitt av ordninga er at Visit Norway vil halde nynorsken på ei armlengds avstand og at dei i praksis ser på «norsk» som eigentleg berre bokmål. Det synest eg er snevert, og det bryt også med mållova som seier at det skal vere ei rimeleg fordeling mellom målformene i informasjonstilfang som statsorgan lagar, seier han.

Visit Norway seier dei skal sjå på saka så snart som mogleg.

– Kommentaren vår til dette er at vi no er gjort merksame på saka og skal sjå på det så snart som råd, seier Hans Petter Aalmo, Head of web and mobile, i Visit Norway til Nynorsk pressekontor.