Nesten 1 av 5 under 18 år får kjøpt alkohol

1393 gongar sende Juvente unge mellom 13 og 16 år for å prøve å kjøpe alkohol i butikken. 18,5 prosent fekk med seg varer med 18-årsgrense.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny rapport frå avhaldsorganisasjonen Juvente, kjem det fram at unge under 18 år nokså lett får kjøpt seg alkohol og varer med 18-årsgrense.

Likevel er det ein liten nedgang frå 2018, då 20 prosent fekk kjøpt.

Ikkje overraska

Christina Babington (21), leiar i Juvente. Foto: Wesenberg/Kolonihaven.no

Totalt har Juvente hatt 1393 kontrollar i 2019, og i 18,5 prosent av desse vart det seld alkohol til mindreårige.

–  Tala overraskar ikkje. Etter tretten år med kontrollar, er det verkeleg skuffande at ein framleis ser så mange sal til mindreårige. Butikkane klarar ikkje ta det ansvaret dei er pålagt for å unngå sal til mindreårige, seier Juvente-leiar Christina Babington (21) i ei pressemelding.

Alt sal av alkohol til mindreårige er ulovleg, og i alkohollova er det bestemt at det er selgaren sitt ansvar å sikra at kunden er gamal nok.

Ho fortel at ungdom er meir sårbare for negative konsekvensar av alkoholinntak enn vaksne, og nemner vald og seksuelle overgrep.

Vil ha legitimasjonsplikt

No krev ungdomsorganisasjonen tiltak for å få slutt på det ulovlige alkoholsalet, og ynskjer legitimasjonsplikt.

– Det er tydeleg at eit system basert på skjønn ikkje fungerer. Difor meiner me at den beste løysinga er legitimasjonsplikt for alle, uavhengig av alder.

Dei meiner at så lenge systemet er basert på den butikktilsette sitt skjønn, vil sal til mindreårige skje i større eller mindre grad.

– Skjønnsvurderinga må vekk, seier Babington.

Lettare for jenter å få kjøpt

Resultata viser også at det var lettare for jenter enn for gutar å få kjøpt. 12,09 prosent av gutane sine forsøk enda med kjøp, mot 19,71 prosent av jentene sine forsøk.

– Det er altså 63 prosent meir sannsynleg at ei jente får kjøpt alkohol enn at ein gut får det, står det i rapporten. 

Det er mindre skilnad enn i 2018, då det var 77 prosent meir truleg at ei jente under 18 år fekk kjøpt alkoholhaldige varer enn at ein gut fekk det.

Politisk kampanje

Skjenkekontrollen er ein politisk kampanje, der unge mellom 13 og 16 år vert sende for å testa rutinane ved alkoholsal i butikkar rundt om i landet. Vinmonopolet har også blitt kontrollert, men då av 17-åringar som har prøvd å kjøpa varer med 20-årsgrense.

Ungdomane går inn, tek med seg varene og prøver å få betalt. Dei har ikkje med seg falsk legitimasjon og lyg heller ikkje om alderen om dei vert spurde. Kontrollørane har heller ikkje med seg bilnøklar, bleier og andre «vaksne» ting, og skal heller ikkje sminkast eller kleast opp for å framstå eldre, men går kledd som dei elles ville gjort.

Om dei blir spurt om legitimasjon, svarar dei at dei ikkje har og spør om å få kjøpa likevel.

Målet med kampanjen er å redusera ungdomsfyll og betra rutinar, sikra at det vert færre lovbrot frå dei som sel alkohol og gjera kommunar og styresmakter klar over problemet.