Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved universiteta i Maastricht, Liverpool og King’s College London har forska på om ein blir betre i framandspråk av å drikka alkohol, skriv den svenske avisa Dagens nyheter.

For å undersøka dette viktige spørsmålet brukte dei 50 tyske studentar i Maastricht som «forsøkskaniner». Studentane, som nyleg hadde byrja å læra seg nederlandsk, blei delt inn i to grupper, der dei enten fekk drikka ein stor fatøl eller ein alkoholfri drink før dei skulle føra ein samtale på nederlandsk.

Seinare lytta to nederlendarar til lydopptak av samtalane, utan å vita kven som hadde drukke og ikkje. Konklusjonen var at dei som hadde drukke alkohol hadde ein klart betre nederlandsk uttale enn dei som var heilt edru under samtalen.

– Ei mogleg forklaring kan vera den angstreduserande effekten som alkohol har. Men det trengst meir forsking for å finna ut av dette, seier forskaren Jessica Werthmann i ei pressemelding. Ho minner om at funna må tolkast med varsemd.

Kollega Fritz Wenner ved Maastricht-universitetet understrekar at dei som deltok i forsøket berre drakk ein liten dose alkohol.

– Høgare alkoholforbruk har kanskje ikkje positive verknader på uttalen av framandspråk, seier Wenner i pressemeldinga.