Fleire vel marihuana i staden for alkohol og sigarettar

Endringar i kultur og lovverk gjer at fleire vel marihuana som første rusmiddel, viser ny forsking frå USA.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I den grad desse trendane held fram, og fleire unge startar med marihuana som deira første rusmiddel, kan det bli større behov for offentlege inngrep og behandlingstenester for marihuanarelaterte problem.

Det seier Brian Fairman i ei pressemelding frå Springer.

Fairman jobbar ved National Institute of Child Health and Human Development i USA. Han og kollegaane har analysert store datasett med data på rusbruk i aldersgruppa 12-21 år. Datasetta har informasjon om vanane til meir enn 275.500 personar i aldersgruppa og er samla inn mellom 2004 og 2014.

Dobbelt så mange brukar marihuana først

8,8 prosent av deltakarane i undersøkinga rapporterte i 2014 at marihuana var det første rusmiddelet dei hadde brukt. Det er nær ei dobling frå 4,8 prosent i 2004.

Forskarane peikar på eit mindre strengt lovverk og endra sosiale normer som moglege årsaker. Mellom anna er ungdom mindre interesserte i alkohol og sigarettar.

Delen av ungdom som brukte sigarettar først gjekk frå 21 til 9 prosent. Avhald i aldersgruppa auka frå 36 til 46 prosent.

Ifølge Fairman er det uklart i kva grad desse endringane verkar inn på kor mange som vel marihuana som sitt første rusmiddel, uansett meiner han rekkefølga har betydning for livet til dei som rusar seg.

Flest menn

Dei som brukar marihuana først har større sannsyn for å utvikle misbruk, det meiner forskarane å kunne slå fast ut frå datamaterialet.

Studien viser også at det først og fremst er «male and older and Black, American Indian/Alaskan Native, multiracial, or Hispanic».

Desse gruppene kan ifølge Fairman ha dårlegare tilgang på behandling. Han meiner derfor det kan vere lurt å målrette tiltak mot grupper basert på risiko for å bruke marihuana før andre rusmiddel.

Les fleire artiklar om cannabis her.