Ein av fem butikkar selde alkohol til mindreårige – enklast for jentene

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2007 har Juventes-kampanjen Skjenkekontrollen årleg undersøkt kor enkelt det er for mindreårige å kjøpe alkohol i daglegvarebutikkane og på Vinmonopol.

I året som gjekk sjekka organisasjonen 1275 butikkar frå 205 ulike kommunar i alle landets fylker.

Dei er ikkje nøgde med resultatet: 20 prosent av butikkane lot mindreårige kjøpe alkohol, ved eitt eller fleire forsøk.

Her kan du sjå statistikken for din kommune: Grimstad kjem best ut, og Molde verst. 

Inga overrasking

Juvente-leiar Christina Babington er likevel ikkje overraska over resultatet. 

– Desse tala viser nok ein gong at butikkane ikkje rettar seg etter reglane for salgsløyvet sitt. Å spørje om legitimasjon ved kjøp av alkohol bør ikkje vere vanskelegare enn å spørje om dei ønskjer kvitteringa, seier leiaren i ei pressemelding. 

Det er likevel ei viss betring å spore. I fjorårets forsøk var det heile ein av fire butikkar som selde alkohol til mindreårige, og i 2016 var det heile 30 prosent av butikkane som gjorde det same.

Enklare for mindreårige jenter å kjøpe alkohol

I rapporten frå Skjenkekontrollen 2018 kjem det også fram at kjønn hadde stor tyding for kor vidt kontrollørane fekk kjøpe alkohol eller ei.

Medan salstalet til jenter har helde seg stabilt på 25 prosent dei siste to åra, har salstalet til gutar gått ned frå kring 27 prosent i 2016 til 14 prosent i 2018.

Juvente spekulerer ikkje i kvifor det er slik, men meiner at dersom dette er ein tendens, så  syner det at det ikkje har skjedd «ei generell skjerping av rutinane».

Les også: Over 30 prosent av ungdom i alderen 15 til 20 år har drukke så mykje at dei ikkje hugsar kva som har skjedd i rusen.

Krev legitimasjonsplikt for alle

Samstundes krev organisasjonen at alle skal måtte vise legitimasjon ved kjøp av alkohol – uavhengig av alder.

– Dette handlar om at alle må vere villige til å ta ein for laget for å hindre sal til mindreårige. Så lenge systemet er basert på den butikktilsette sitt skjønn vil sal til mindreårige skje i større eller mindre grad, seier Babington.

I tillegg til legitimasjonsplikt krev Juvente fleire og betre kontrollar, at sal til mindreårige fører til omgåande inndraging av løyve, og eit forsøksprosjekt med framprovosert sal til mindreårige i kommunane sine kontrollar.

Her kan du sjå korleis ein kontroll kan gå føre seg:

Slik skjer kontrollane

  • Ein mindreårig går inn i butikken og tar med seg alkoholholdig drikke og ein annan daglegvare, for så å stilla seg i kø for å betala i kassa.
  • Ungdomane gjer ingen forsøk på å stå fram eldre enn dei er, og det ikkje brukt falsk legitimasjon eller andre aldersmarkørar.
  • Viss kontrollørane blir spurt om legitimasjon, svarar dei «Nei, det har eg ikkje, kan eg få kjøpa likevel?». Får dei eit ja, betaler dei for varene og forsøket blir registrert som sal. Får dei ikkje kjøpt, forlèt dei butikken og forsøket blir registrert som ikkje-sal.