Éin av tre unge har opplevd blackout av alkohol

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdom har ofte negative opplevingar knytt til inntak av alkohol. Heile éin av ti unge mellom 15 og 20 år melder om legevakt- og sjukehusbesøk i alkoholpåverka tilstand, mens eit tilsvarande tal seier dei har hatt sex dei angrar på. Totalt opplyser 19 prosent av ungdom i same alder i Oslo at dei har brukt narkotika. Talet for resten av landet er noko lågare.

Det viser ei landsomfattande undersøking om ungdom og alkohol utført av Kantar TNS for Vinmonopolet.

Les også: – Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

– Svært høge og alvorlege tal

– At i overkant av 30 prosent av ungdom mellom 15–20 år har opplevd å få såkalla blackout når dei drikk, er svært høge og alvorlege tal for ei så ung aldersgruppe. Når ein drikk så mykje at ein ikkje hugsar noko i etterkant, utset ein både seg sjølv og andre for stor risiko, seier administrerande direktør Hilde Britt Mellbye i Vinmonopolet.

Over halvparten av ungdommane svarar at dei har skaffa seg alkohol gjennom eldre venner og kjenningar. Av dei vaksne svarar 28 prosent dei har kjøpt alkohol til mindreårige. Dette meiner Vinmonopolet vitnar om dårlege haldningar, og at vaksne har eit stort ansvar for konsekvensane.

I tillegg er ein stor del foreldre bekymra for kva barna deira kan bli utsette for. 56 prosent oppgir at dei fryktar at barna kan bli utsette for vald og overgrep i samband med alkohol.

Vinmonopolet lanserer no ein ny kampanje som dei håpar vil få folk til å tenkje seg om før dei kjøper alkohol til ungdom.

Les også: Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk