WHO: Alkohol er ei hovudårsak til kreft i nordiske land

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten kjem i samband med Verdas kreftdag 4. februar. Hovudbodskapen til Verdshelseorganisasjonen (WHO) er at alle land i verda må tilpasse kreftstrategien sin til situasjonen sin, slik at auke i tilfelle og dødsfall kan unngåast.

Lands- og regionsanalysar av risikofaktorar som bidrar til kreftbyrda i ulike land, viser at alkohol er leiande risikofaktor for kreftutvikling og kreftdød i land som USA, Frankrike, Storbritannia, Australia, og dei nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige, Færøyane og Grønland, heiter det i rapporten.

Røyk framleis største risiko

Kreftforeningen har elles ei liste med ti råd for å redusere kreftrisiko for nordmenn.

– Alkohol er ein viktig risikofaktor når det gjeld kreft, men røyk er framleis den enkeltfaktoren som forårsakar aller mest kreft, opplyser kommunikasjonsansvarleg Elisabeth Jakobsen i Kreftregisteret til NTB.

Ifølgje WHOs rapport er røyk årsak til 22 prosent av all kreft i Noreg, det vil seie nærare 7.000 krefttilfelle i året. Alkohol står for 5,1 prosent av krefttilfella, altså om lag 1.700 tilfelle per år. 4,6 prosent av krefttilfella blir tilskrivne overvekt.

– Sjølv om det no er langt færre røykjarar i befolkninga enn det var eit par tiår tilbake, er det framleis mange som har ein lang og tung røykjehistorikk, ikkje minst i den eldre delen av folket. Her blir det ein tydeleg del krefttilfelle, også i åra vi har føre oss, seier Jakobsen.

På sikt ventar likevel Kreftregisteret ein markant nedgang i røykjerelatert kreft, som lungekreft.

Manglar ressursar

WHO peikar i oppsummeringa si på at heile sju millionar liv kan sparast det neste tiåret om kvart enkelt land kan finne dei riktigaste verkemidla i sin kamp, ved å basere innsatsen mot kreft på god dekning i helsetenesta for alle, og få alle som har ein finger med i spelet til å samarbeide.

Særleg i lav- og mellominntektsland er det per i dag eit stort behov for å skjerpe tilbod og tenester. Viss ikkje dette betrar seg, åtvarar WHO om at det vil komme ei forverring med 60 prosent fleire krefttilfelle dei neste 20 åra.

Hovudårsaka er at mange land manglar ressursar til å kjempe mot infeksjonssjukdommar og forbetre mor- og-barn-helse. Samtidig er ikkje helsetenesta utstyrt til å førebyggje, stille diagnose og behandle kreft.

I 2019 hadde 90 prosent av høginntektslanda slike tenester på plass, medan tilsvarande del i låginntektsland var 15 prosent.