Noreg på førsteplass i undersøking om ungdom: – Viser styrken med at vi organiserer oss

Noreg hamnar øvst på pallen i ei ny global undersøking om moglegheitene unge har til å bli inkludert i samfunnslivet.

NPK-NTB-Bibiana Piene/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

141 land er omfatta av undersøkinga Global Youth Participation Index (GYPI), som er utvikla av European Partnership for Democracy.

Noreg hamnar på toppen av GYPI-indeksen med 84 av 100 moglege poeng. Det same får New Zealand, medan Tyskland ligg rett bak med 81 poeng.

– Det er ei anerkjenning av at den innsatsen som ungdom i Noreg har lagt ned over tid nyttar, og viser også styrken med at vi organiserer oss i fellesskap, seier leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) Jakob Øvensen Aanderaa på telefon til Framtida.no.

Alle dei nordiske landa er blant topp ti på lista, medan botnplasseringane er det Sør-Sudan, Somalia og Afghanistan som har.

Fire dimensjonar

Undersøkinga er den første i sitt slag. Ho tek utgangspunkt i ei rekke datasett frå dei ulike landa og måler ungdoms – her definert som aldersgruppa 15–30 – moglegheit til å delta i samfunnslivet langs fire aksar:

  • Sosioøkonomisk, under dette tilgang til utdanning og moglegheiter for deltaking i økonomien.
  • Sosialt fellesskap – om ungdom har høve til å spele ei aktiv rolle i sosial og politisk utvikling.
  • Politikk – om ungdom har høve til å bli høyrde når det gjeld lovgiving og andre politiske område, som partipolitikk.
  • Val – moglegheiter og hinder for at ungdom kan delta.

At Noreg gjer det så bra, meiner LNU-leiaren viser styrken med å ha gode ordningar som Frifond og organisasjonar og fellesskap der barn og unge får delta.

– Vi veit at dei fleste barn og unge har det bra, men også at det er ein del barn og unge som ikkje har blitt inkludert i dei fellesskapa som dei fleste er med i, legg han til.

Forståing manglar

Ungdom blir ofte rekna som ei positiv kraft for forandring, heiter det i rapporten.

Men ofte manglar ei forståing av korleis ungdom kan bidra i det politiske livet.

Ifølgje forskarane bak undersøkinga slit ungdom i alle land med å bli anerkjende politisk, og dei er ofte ekskluderte frå å delta i dei institusjonane med mest makt.

Til dømes er dei ofte sterkt underrepresenterte i lovgivande forsamlingar, og ofte blir dei haldne utanfor viktige politiske prosessar. Ungdommars rettar blir ikkje fullt ut respekterte, heiter det i rapporten.

– Når det gjeld val og valdeltaking, så er vi ikkje blant dei beste landa. Der er vi på åttandeplass. Og vi ser jo at unge er underrepresentert på Stortinget og blant folkevalde generelt, og at unge stemmer i mindre grad enn andre veljargrupper, påpeikar Aanderaa i LNU.

Han poengterer at det som ofte går feil når ein involverer unge i politiske prosessar, er at ein spør for seint, for tilfeldig, og at det er eigne spor for barn og ungdom i staden for at dei får delta i den «vanlege» prosessen.

– Då kan det opplevast meir meiningslaust å delta i dei prosessane.

Senke aldersgrensa ved val

Forskarane peikar på at det er rom for forbetring også i dei landa som skårar høgast.

Dei kjem med ein heil meny av tilrådingar, som auka tilgang til utdanning, internett for alle og handtering av særskilde utfordringar for unge kvinner.

Forskarane tek også til orde for å senke aldersgrensa for å delta i val. LNU etterlyser at aldersgrensa for å stemme ved val blir senka til 16 år.

– I Noreg har ein hatt forsøksval i 2011 og 2015, og då førte det til at det blei fleire unge folkevalde i dei kommunane ein gjorde det i. Det er også ein måte å inkludere fleire inn i demokratiet og kan hjelpe med å få fleire unge til å stemme når dei blir andre- og tredjegongsveljar, meiner Aanderaa.

Her og no

– Vi blir ofte fortalde at ungdom er framtidas leiarar. Vi meiner det er motsett. Vi er her, akkurat no, seier Dexter Yang frå Filippinane, ein av ungdommane som har delteke i arbeidet med rapporten.

Det er ei haldning Aanderaa i LNU deler.

– Det er viktig at unge får vere med å påverke samfunnet slik at det blir eit samfunn som også unge trivst i.