Flyktninghjelpen fryktar diskriminering i beredskapen mot koronaviruset

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 90 000 personar frå 73 ulike land har til no vorte diagnostiserte med covid 19-virus det såkalla koronaviruset og over 3000 har mista livet.

I Noreg har til saman 25 personar fått påvist smitte, men ingen av dei er alvorleg sjuke.

Eit fåtal av dei smitta vert alvorleg sjuke av koronaviruset, men viruset er mykje meir smittsamt enn influensa.

Rask smitte i leirane

Becky Bakr Abdulla er spesialrådgjevar i Flyktninghjelpen. Foto: Flyktninghjelpen

Flyktninghjelpen i Noreg er blant dei som uroar seg for kva konsekvensane kan verte dersom viruset spreier seg til sårbare flyktningar og fordrivne personar:

– Vi veit av tidlegare tilfelle av større sjukdomar, at dersom smitte spreier seg skjer det raskt for menneske som bur i leirar, seier Becky Bakr Abdulla, spesialrådgjevar i Flyktninghjelpen, på telefon til Framtida.no. 

Ho fortel at flyktningeleirane ofte er overfulle, utan særleg tilgang på sanitære hjelpemidden som reint vatn og såpe, i tillegg til at dei ikkje alltid har tilstrekkeleg tilgang på helsehjelp. 

– Eit paradoks

Ho fortel at logistikken også er ekstra vanskeleg i desse områda, som er prega av krig eller konflikt.

 I desse situasjonane har infrastrukturen og offentlege tenester ofte brote ned. Det å lokalisere, identifisere og koordinere informasjon ut til menneske som stadig beveger seg, kan vere utfordrande, seier Abdulla.

Spesialrådgjevaren understrekar at menneske på flukt må få informasjon og helsehjelp på lik linje med andre.

Ho seier at flyktningar og internt fordrivne ofte hamnar i ei blindsone og sjeldan får dei same mogelegheitene og rettane som andre, og at det ikkje er godt nok fokus på allereie sårbare grupper.

–  Det er eit paradoks at ein ikkje prioriterer dei menneska som kan verte hardast råka. 

– Blant dei mest sårbare

Kyrre Lind. Foto: Leger uten grenser

Programsjef i Leger Uten Grenser, Kyrre Lind, skriv til Framtida.no på e-post at dei følgjer med på situasjonen i ei rekkje land, men arbeider i avgrensa grad med covid 19-viruset akkurat no.

Hjelpeorganisasjonen er førebudde og ser også på korleis dei kan vere med å førebu helsevesenet i mange land på eit eventuelt utbrot.

– Det er openbert at alle som bur i flyktningleirar, anten det er i DR Kongo, Uganda eller Hellas, er blant dei aller mest sårbare særleg for infeksjonsskjukdommar som meslingar, kolera, lungebetennelse, influensa og covid-19, fordi dei bur tett utan tilgang på verken gode sanitære forhold eller gode helsetenster, skriv Lind.

Programsjefen seier at eit eventuelt smittetilfelle ikkje automatisk vil bety at det vert eit stort utbrot om ein oppdagar det tidleg nok og hindrar vidare smitte, og understrekar at organisasjonen ikkje ynskjer å bidra til noko hysteri.

«Tikkande helsebombe»

Statsminister Kyriakos Mitsotakis. Foto: European People’s Party

Becky Bakr Abdulla i Flyktninghjelpen understrekar kor viktig det er at behova til menneske på flukt vert inkluderte i beredskapsplanane som vert utforma og iverksette i ulike land.

Etter utbrotet og spreiinga av koronaviruset har fleire land reagert med å innføre reiserestriksjonar, og nokre har også stengt grensene sine for asylsøkjarar og flyktningar.

Torsdag førre veke sa den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis at Hellas vil ha strengar grensekontroll for å hindre at koronaviruset spreiar seg, med fokus på øyrutene flyktningar reiser.

Hellas har over 40 000 flyktningar og asylsøkjarar på øyane, og dei greske styresmaktene har skildra flyktningleirane som «ei tikkande helsebombe», ifølgje Reuters.

Ungarn har også stengt grensene sine for asylsøkjarar. Samstundes har helseministrar frå landa rundt Italia sagt at å stenge grensene vil vera eit «uforhaldsmessig og ineffektivt» tiltak. 

Migrantar på ein overfylt båt ventar på å bli redda i Middelhavet av Ocean Viking, 19. september 2019. Ocean Viking redda 36 personar, saman med SOS Mediterranee og Leger uten grenser. (Foto: AP Photo/Renata Brito)

– Like alvorleg som å stoppe ein ambulanse

I Italia oppmoda leiaren for det sterkt høgreorienterte partiet Ligaen, Matteo Salvini, regjeringa om å stengje grensene for flyktningar på grunn av koronaviruset.

Måndag opplyste også Leger Uten Grenser om at redningbåten Ocean Viking har vorte sett i karantene i frykt for koronaviruset, etter å ha sett i land 276 menneske som vart redda i Middelhavet.

– Å setje Ocean Viking i karantene er like alvorleg som å stoppe ein ambulanse midt i ein naudssituasjon. Dette er ei diskriminerande handling. Dei einaste skipa som har blitt sett i karantene er dei som gjer søk og redning, seier Michael Fark, landssjef for Libya og Middelhavet i pressemeldinga.

Fryktar diskriminering

Becky Bakr Abdulla fortel at Flyktninghjelpen til no ikkje har møtt slike haldningar i sitt arbeid, men at det er ein fare for at koronafrykta også kan føre til at antiflyktninglover og -haldningar blussar opp, og at viruset verte brukt som ei unnskuldning:

– Styresmakter må ikkje diskrimininere når dei skal setje ut beredskapsplanar, informasjon eller helsehjelp, og må heller ikkje bruke dette viruset for å diskriminere folk i ein ekstremt sårbar situasjon, slår Abdulla fast.

Foto: Svanhild Amdal Telnes