«Visste du at det å ta imot flyktningar også kan løne seg økonomisk?»

Anders Sørlien, rådgjevar i Norad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Facebook og liberal.no og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Dagens nyheitsbilete har eit for einsidig fokus på flyktningar som “problem”, “kriminelle”, “lykkejegarar” og så vidare.

Korleis vi snakkar om menneske og kva slags saker vi les, påverkar folk sine haldningar. Vi treng difor fleire positive nyheiter.

Ikkje berre vil det gje eit riktigare og meir nyansert bilete, men det vil også gjere det lettare å vere ny i samfunnet.

Det vil kunne påverke folk som kanskje er skeptiske til våre nye landsmenn og som føler på ei usikkerheit i forhold til samfunnsutviklinga.

Les også: Psykologistudentar: – Vi treng kunnskap for å hjelpe flyktningar

Mindre kriminalitet

Visste du for eksempel at kriminalitet og drap har gått ned i dei 30 største byane i USA?

Kriminaliteten fell også når ein tar flyktningar med i reknestykket.

Kriminaliteten har gått ned i amerikanske byar som har tatt imot mange flyktningar. Eit eksempel: I Southfield (Michigan) har valdskriminaliteten falle med 77 prosent mellom 2006 og 2015.

Vi ser tilsvarande tilstandar andre stader. For eksempel har kriminaliteten falle med 10 prosent i Tyskland til det lågaste nivået på 30 år.

Suksessrike Salah

Visste du at muslimhatet i Liverpool har blitt halvert etter at Mohamed Salah kom til klubben?

Det viser kor mykje enkeltindivid har å seie for folks inntrykk av muslimar, samt kor viktig det er å løfte fram positive rollemodellar.

Visste du at stadig færre straffast og at færre blir ofre for kriminalitet i Noreg? Vi må tilbake til 1987 for å finne færre straffedommar. Nedgangen gjeld for både menn og kvinner, og for både norske og utanlandske statsborgarar. Spesielt sterk er nedgangen i tal på straffa blant dei yngste, dei i alderen 15-17 år.

Apple, Amazon og AT&T

Visste du at første- og andregenerasjonsamerikanarar spelte ei avgjerande rolle i 44 av dei 100 beste Fortune 500-selskapa? Blant selskap starta av folk med innvandrarbakgrunn finn vi Apple, Amazon og AT&T.

Visste du at norskfødde barn av innvandrarforeldre er den gruppa der flest går rett frå vidaregående til høgare utdanning? Denne gruppa er også den der flest tar høgare utdanning og der flest tar lengst høgare utdanning.

Mindre sosial kontroll og NAV-tiltak

Visste du at innvandrarforeldre utøver mindre negativ sosial kontroll mot barna sine jo lengre tid dei har budd i Noreg?

«Ungdom som er født i Norge er mindre utsatt for foreldrerestriksjoner enn ungdom som selv har innvandret, og graden av foreldrerestriksjoner avtar markant i takt med økt botid hos foreldrene,» kan vi lese i rapporten Migrasjon, foreldreskap og sosial kontroll.

Visste du at talet på innvandrarar på NAV-tiltak går ned? Vi må tilbake til 2012 for å sjå så få utlendingar registrert som heilt arbeidsledige eller på NAV-tiltak. Delen som kjem i arbeid aukar kraftig for innvandrarar frå Syria, Sudan, Eritrea og Somalia.

Færre er skeptisk til å få ein innvandrar som svigerson

Visste du at skepsisen til innvandrarar og innvandring går ned? Færre er skeptisk til å få ein innvandrar som svigerson eller svigerdotter og fleire har kontakt med innvandrarar på ulike arenaar.

Positivt reknestykke

Visste du at det å ta imot flyktningar også kan løne seg økonomisk?

Ein studie av migrasjon til høginntektsland viser at migrasjon aukar bruttonasjonalprodukt per innbyggjar.

Flyktningar gir tilbake omtrent dobbelt så mykje til samfunnet

Ein annan studie konkluderer at flyktningar gir tilbake omtrent dobbelt så mykje til samfunnet som kostnadane ved å ta dei imot i løpet av berre fem år.

Flyktningar som jobbar vil skape fleire arbeidsplassar, auke etterspørselen etter varer og tenester og bidra til å fylle viktige jobbar i arbeidslivet.

Ein tredje studie bekreftar dette og tilbakeviser påstandar om at flyktningar er ei økonomisk byrde for mottakarlandet. (Studiane har analysert data i 15 vesteuropeiske land over dei siste 30 åra.)

Vår eigen integreringsminister har også uttalt at fem år med opplæring på grunnskule og vidaregåande nivå, vil kunne gi fire gonger større avkasting enn det investeringa kostar. Éi krone investert, og Noreg får fire kroner igjen.

Krav og toleranse

Det har noko å seie korleis og på kva måte vi omtalar våre medmenneske, og ei klar overvekt av negative vinklingar om innvandring, islam og muslimar gjer noko med nordmenn sine haldningar overfor denne gruppa.

Difor bør vi ope kunne diskutere både utfordringar og moglegheiter ved innvandring, samtidig som vi bidreg til tillit og brubygging.

Dei som kjem bør bli tatt vare på og få lov til å bidra. Og saman bør vi skape eit samfunn som inkluderer, eit samfunn der det er plass til alle uavhengig av bakgrunn, utsjånad og korleis ein ønsker å leve liva sine.

Vi må sjølvsagt stille krav og ha visse forventningar, men vi bør også vise toleranse og aksept for at folk er annleis.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no.