Miljørørsla tapte i andre runde av klimasøksmålet – ankar til Høgsterett

Borgarting lagmannsrett slår fast at staten sine tildelingar i 23. konsesjonsrunde er gyldige, men organisasjonane slepp å betala saksomkostnadar til staten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Therese Hugstmyr Woie er påtroppande leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

I dag kom dommen frå Borgarting lagmannsrett i anken av klimasøksmålet.

– Dette er ein såpass positiv dom at her tenkjer vi at vi treng å gå vidare. Men me treng ein dom i Høgsterett som går endå lengre enn denne dommen.

Det seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie ifølgje NRK.no.

Frikjent for kostnadsansvar

Borgarting lagmannsrett held fast ved dommen frå tingretten om at 23. konsesjonsrunde ikkje strir mot Grunnlovas paragraf 112.

I den einstemmige dommen har lagmannsretten valt å frikjenna miljøorganisasjonane for kostnadsansvar både i tingretten og lagmannsretten fordi spørsmål knytt til tolkinga og bruken av § 112 er av prinsipiell betydning.

Saksøkarane slepper difor å betala 580.000 kroner i saksomkostnadar til Olje- og energidepartementet, som dei vart dømt til i tingretten.

Tek med med forbrenning utanfor Noreg

I 2016 saksøkte Natur og Ungdom og Greenpeace den norske stat, med støtte frå Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei meiner at tildelinga av 40 nye blokker for oljeleiting i Barentshavet strir mot Grunnlovas paragraf 112, som ofte vert kalla «miljøparagrafen».

Organisasjonane hadde støtte av Besteforeldrenes klimaaksjon og i ankesaka, som gjekk over sju dagar i november i fjor, fekk dei med Naturvernforbundet som partshjelp i søksmålet.

I dommen frå 2018 la Oslo tingrett til grunn at utslepp frå norsk olje og gass berre omfattar det som vert forbrent i Noreg.

Silje Lundberg. Foto: Naturvernforbundet

I den nye dommen heiter det at også forbrenninga etter eksport, er relevante. Leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, meiner det er viktig.

– Me er svært nøgd med at retten anerkjenner Noreg sitt ansvar for utsleppa frå olja me sel. Skal me unngå klimakrise er det heilt naudsynt at alle oljeproduserande land, deriblant Noreg kuttar desse utsleppa, seier ho i ei pressemelding på Greenpeace sine nettsider.

Generalsekretær i Greenpeace Frode Pleym (venstre) og tidlegare leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord fotografert i Borgarting lagmannsrett. FOTO: Thor Due/Natur og Ungdom

«Miljøparagrafen»

Dette er første gong i historia at paragrafen som sikrar retten til eit helsesamt miljø og at ressursar vert ivaretekne også for framtidige generasjonar, vert prøvd i retten.

Lagmannsretten meiner miljøparagrafen gjev rettar som kan prøvast av domsstolane, men at staten ikkje har brote dei i denne saka.

Frode Pleym, leiar i Greenpeace Norge. Foto: Jonne Sippola / Greenpeace

Generalsekretær i Greenpeace, Frode Pleym, meiner dommen er eit stort steg i riktig retning.

– Lagmannsretten konstanterar at miljøparagrafen er ein rett og at klimaendringane, som forbrenning av norsk olje i utlandet bidreg til, er relevant. Så er me litt skuffa over at me ikkje vinn fram, seier Pleym ifølgje NRK.

Han meiner organisasjonane har eit godt grunnlag for å prøva saka i Høgsterett.

F.v. Jørn Øyrehaugen Sunde. Jusprofessor på Universitetet i Bergen, Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet og Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom.