Fleire unge er positive til olje
Delen som er positive til olje som energikjelde har auka frå 13 til 27 prosent blant dei under 30 sidan 2016.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Totalt stiller 26 prosent av befolkninga seg positive til bruken av olje som energikjelde, opp frå 19 prosent i 2016, kom det fram av Klimabarometeret 2019, som vart gjennomført av Kantar.
Størst prosentvis auke har det vore blant dei under 30, og 27 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa seier dei er oljepositive. Gruppa hamnar dermed over gjennomsnittet.
– Eg trur dette kan komme av at det har vorte meir fokus på Oljefondet og kva olja betyr for norsk økonomi, og dessutan eit ønske om å sikre framtidige generasjonar, seier avdelingsleiar Eva Fosby Livgard i Kantar til Klassekampen.
– Lykkast med kampanjane
Forskar Bård Lahn frå Cicero senter for klimaforsking synest den aukande oljeoppslutninga er svært overraskande, spesielt sett i lyset av den offentlege debatten dei siste åra, der utfasing av olja har vore eit sentralt tema.
Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom trur utviklinga kjem av vellykka reklame frå oljebransjen.
– Eg trur oljenæringa kan seie å ha lykkast med kampanjane sine der dei frontar norsk olje og gass som ei løysing på klimaproblemet. Forskarane, på si side, meiner jo ikkje det, seier Eiterjord og legg til:
– Vi har allereie funne meir olje og gass enn det vi kan bruke dersom vi skal klare å nå 1,5-graders-målet. Likevel kunne eg ikkje gå forbi eit einaste busstopp heime i Stavanger utan reklame for olje og gass.
- Les også intervjuet med Gaute Eiterjord, som no gjev seg som leiar i Natur og Ungdom: – Det er eit teikn på at vi har sett dagsorden ganske mykje, når oljeindustrien er så redd for å miste kontroll