Tenåringsgutar skyr unna helsestasjonar for ungdom

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei oversikt frå NRK , som viser delen gutar og jenter som er innom helsestasjon for ungdom, for kvart av åra på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

– Har ikkje falle like naturleg for gutane

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år, nokre stader opp til 25 år, der ein kan få rettleiing om prevensjon og seksuell helse.

Det er òg tilbod om hjelp innanfor psykisk helse og andre helsespørsmål.

Gutane er altså ikkje like ivrige som jentene.

– Jenter har endå eit betre språk for å snakke om desse tinga. Det å kunne snakke ope om kjensler og problem er noko dei har gjort sidan dei var små. Gutane har nok ikkje hatt dei same rollemodellane, og det har nok ikkje falle like naturleg, seier helsesjukepleiar Kjetil Moseid.

Har oppretta eige gutetilbod

Ved helsestasjonen for ungdom i Sandnes i Rogaland har dei tatt konsekvensen av forskjellane og på førespurnad oppretta eige gutetilbod, med blanda hell så langt.

– Vi ser at svært få gutar kjem til helsestasjonen. Og viss dei kjem, så er det alltid på slutten av dagen, og dei set seg ofte litt bortanfor dei andre på venterommet, seier leiar Irene Asheim Ivesdal.

Med seks besøk sidan januar har det likevel allereie vore fleire gutar innom enn det var på fleire månader i fjor, då dei berre hadde fire–fem gutar innom på eit halvt år.

Per Arthur Andersen er helsesjukepleiar ved Helsestasjon for gutter i Frogner i Oslo. Foto Privat/Pixabay.com