Talet på gutar som oppsøkte helsestasjonen dobla seg da dei opna eigen helsestasjon for gutar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei typisk guttegreie. Mange av gutane hadde gått lenge med problema sine, og det hadde blitt verre enn det hadde behøvd å vere, seier Per Arthur Andersen ved Helsestasjon for gutter i Frogner i Oslo. Han er ein av ti mannlege helsesøstrer i landet.

Per Arthur Andersen er helsesøster i Skolehelsetjenesten og på Helsestasjon for gutter i Bydel Frogner i Oslo kommune. Foto: Privat

Da dei opna helsestasjonen for eit drøyt år sidan, var hovudmålet å gi eit lavterskeltilbod til gutar som ønska å teste seg for seksuelt overførbare sjukdommar.

Men snart viste det seg at veldig mange av gutane trong hjelp med følelsar og tema som angår psykisk helse.

– Mange av gutane hadde behov for å snakke om livet, om negative tankesett, og sjølvmordstankar. Mange hadde gått lenge med problema sine, og opplevde for første gong å kunne snakke om og få aksept for dei, seier Andersen.

 

Gutane brukte ikkje helsetilboda

Bakgrunnen for at dei starta opp ein eigen helsestasjon for gutar i fjor, var at tal frå dei eksisterande helsetilboda viste at gutane ikkje benytta seg av dei. Gutane gjekk ikkje til helsesøster, og ikkje på helsestasjon for ungdom.

Helsestasjon for gutar skulle vere eit lågterskeltilbod der gutar kunne komme med problema og spørsmåla sine.

Andersen fortel om gutar som har slite med mobbing heile livet og som aldri før har sagt ifrå, om gutar som slit med foreldra si skilsmisse, og om gutar som driv med sjølvmedisinering med narkotiske stoff.

– Psykisk helse hos gutar har vorte det store fokuset mitt. Det er eit tema som vi ikkje har hatt så stort fokus på, og som gjerne er litt underdokumentert, seier han.

Ungdommen er heilt fantastiske, men treng rammar

Da rapporten Ung i Oslo 2018 vart presentert tidlegare denne veka, fokuserte fleire store medium på at rapporten viser ei auke i ungdomskriminalitet, bruk av vald, og i bruken av Cannabis blant unge i Oslo.

Andersen meiner at fokuset blir heilt feil.

Andersen ved kondomhylla på helsestasjonen. Foto: Privat

– Om samfunnet og dei vaksne ser på ungdommane som verdilause og slabbedaskar, kvifor skal ein prøve å vere nokon anna. Ser du ein tapar så får du ein tapar. Dei må bli møtte med trua på at dei kan. Ungdommen er heilt fantastiske dei, seier han.

Men han ser at det blir ei feil utvikling når dei ikkje blir møtte med dei rammane dei treng. Han minner om at det ikkje er sånn at desse gutane som utøver vald har eit ønske om å vere kriminelle.

– Det er måten dei har lært å uttrykke seg sjølve på, seier han.

– Dei har lov til å vere ungdom. Dei har lov til å utforske og vere rebelske. Men dei treng i enno større grad ei trygg hamn å gå til for å reflektere og drøfte og få tilbakemelding på korleis dei kan handterer situasjonane dei er i, seier han.

Ein røykar vekk det som er vanskeleg

Når det gjeld framveksten av cannabis, så meiner han at det i tillegg til ein legaliseringskultur vi no ser i mange land, òg speglar tilbodet eller mangelen på tilbod om hjelp frå samfunnet.

– Cannabis er noko som i stor grad blir brukt fordi ein ikkje orkar det negative som livet har å by på. Ein røykar vekk det som er vanskeleg. Og da blir alt vanskeleg til slutt, seier han.

Han trur den aukande bruken kan sjåast i samanheng med i kor stor grad vi oppmuntrar gutar til å snakke saman. 

Negative eller ikkje-eksisterande farsroller

Noko Andersen òg har sett det siste året, er at ein del av dei unge gutane manglar gode mannlege rollefigurar.

– Det er eit veldig behov for både jenter og gutar å ha sunne mannlege rollemodellar i livet sitt. Men det er spesielt viktig for gutar, seier han.

Han meiner at det ikkje nødvendigvis treng å vere mannleg helsepersonell som hjelper unge gutar, men i nokre tilfelle ser han at det kan vere ein fordel.

– Når det gjeld utfordringar som å kommunisere rundt følelser, eller kroppslege spørsmål som at nokre har usikkerhet rundt noko på penis, så får vi tilbakemelding om at det er tryggare og at det hjelper at det er ein mann dei snakkar med. Fordi ein mann kan relatere meir til problemet dei sit med, seier han.

I denne videoen frå Karrierestart, fortèl Per Arthur om jobben som helsesøster/bror:

https://www.facebook.com/KarriereStart/videos/1745130845548891/?hc_ref=ARTU8SLfv6dAsMVj4hKJ8D6wNYwQWri35n5bxZPQqBbocKK33gW4fkApERdABlkLL8w

Blir fleire helsestasjonar for gutar

Da dei oppretta tilbodet, henta dei mange gode råd frå helsestasjon for gutter i Asker som har eksistert i 18 år. Etter at helsestasjonen for gutar opna på Frogner i Oslo, har tilbodet òg komme på plass eller er under planlegging fleire andre plassar i landet.

Da dei tidlegare i år oppretta helsestasjon for gutar i Elverum, fekk tiltaket diplom frå Ungdommens fylkesting.

– Det er liksom akseptert at jenter har problem. Gutane skal tie, tole og vere sterke for seg sjølve, og gjerne for jentene også, sa Samuel Bråten frå Ungdommens fylkesting til avisa Østlendingen.