Menn melder ikkje partnarvald, ifølgje ny rapport

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.11.2020 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar Yngvil Grøvdal ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har i studien snakka med kvinner og menn som har opplevd partnarvald, melder P4.

Relativt få melder valden til politiet. Særleg menn er skeptiske fordi dei er redde for å ikkje bli trudde, ifølgje Grøvdal.

Intervjudeltakarane forklarte mellom anna at dei var utrygge på om politiet kan verne den som melder.

Fleire menn melder «mindre alvorleg vald»

Delen menn som rapporterer det som blir kalla mindre alvorleg vald, som kloring, lugging, eller slag med flat hand, er noko høgare enn delen kvinner, med 16,3 prosent menn og 14,4 prosent kvinner.

Alvorleg vald, som å bli tatt kvelartak på, banka opp eller sparka, er det flest kvinner som rapporterer. 8,2 prosent kvinner og 1,9 prosent menn har rapportert om denne typen vald.

Lover det skal vera trygt å melde frå

Seksjonssjef Harald Bøhler hos Politidirektoratet seier at det skal vere trygt å søkje hjelp og melde hos politiet.

– Det er ikkje lov til å mishandle eller utøve vald mot andre anten ein er i eit forhold eller ikkje. Vi vil uansett behandle både kvinner og menn likt. Det er viktig å melde så raskt som mogleg slik at politiet får sikra bevis i sakene.