Argentina kan få sjølvbestemt abort

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Argentina kan få sjølvbestemt abort

– Lovleggjering i Argentina kan ha ein viktig effekt på resten av Latin-Amerika, der det er ulovleg i alle dei andre store landa, seier lovgjevar Victoria Donde til avisa The Guardian.

Argentina er i dag eitt av landa i verda som har strengast abortlover. Abort er berre lovleg om mors liv er i fare eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt. Ei sak frå 2007 der ei 19 år gammal trebornsmor døydde av kreft etter å ha vorte nekta både abort og cellegift under svangerskapet har igjen kome på agendaen i det katolske landet.

Latin-Amerika er ein region med streng abortlovgjevnad. El Salvador, Nicaragua og Den dominikanske republikk skil seg ut med å ikkje opna for abort under nokre omstendigheiter. Amnesty har fleire gonger kritisert praksisen i El Salvador der kvinner som spontanaborterer risikerer lange fengselsstraffer for drap.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Ein halv million ulovlege abortar

Denne annonsa frå Amnesty International kunne ein sjå i New York Times i går. Foto: Amnesty International

Ifølgje Amnesty vert det utført ein halv million ulovlege abortar årleg i Argentina. Sidan 1983 har over 3000 argentinske kvinner døydd som følgje av slike abortar.

14. juni røysta underhuset i Argentina si nasjonalforsamling for forslaget om å legalisere sjølvbestemt abort innan 14. veke. Forslaget vart då vedtatt med 129 mot 125 stemmer. I dag røyster dei 72 representantane i senatet over lovforslaget.

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, forklarar at sjølv om det finst moglegheiter for å få lovleg abort om svangerskapet er resultat av valdtekt eller trugar mors liv, så er dette ofte vanskeleg.

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, ser medvinden i abortsaka i Argentina i samanheng med eit auka fokus på kampen mot voldtekt og seksualisert vold mot kvinner i Latin-Amerika. Foto: Amnesty International Norge

– Det er viktig å presisere at abortforbodet råkar dei fattige, unge jentene hardast. Det er dei som ikkje har andre alternativ som ender med dei farlege alternativa. Dei som har pengar kan sikra seg ein trygg abort, forklarar Kaatee.

Ho har sjølv snakka med jenter og kvinner som har opplevd traumatiske utrygge abortar.

– Desse abortane er ein alvorleg risiko for jenter og kvinners liv og helse. Tilgang på lovleg og trygg abort handlar om jenter og kvinners menneskerettar, retten til god helse, mot tortur og umenneskeleg behandling, slår Kaatee fast.

Ho ser medvinden i abortsaka i Argentina i samanheng med eit auka fokus på kampen mot voldtekt og seksualisert vold mot kvinner i Latin-Amerika.

– Det er resultat av ein lang kamp, men òg større fokus på den grove vold som mange jenter og kvinner vert utsett for på det latinamerikanske kontinentet, der det har vore store demonstrasjonar mellom anna i Argentina.

Les også: Noreg har færrast tenåringsabortar i Norden

Konservativt land

I eit innlegg publisert på Huff Post México og Amnesty sine nettsider etterlyser Mariela Belski, leiar i Amnesty International Argentina, eit tydelegare standpunkt frå president Mauricio Macri, som sette temaet på dagsordenen.

Presidenten som leiar sentrum-høgrepartiet PRO har sagt at han vil underteikne forslaget om det går igjennom, og har fristilt sine partifellar i avstemminga.

– Me håpar sjølvsagt at lovforslaget går gjennom. Det som er interessant er at sjølv om Argentina er konservativt, så har dei klart å skape eit slikt engasjement der kvinner i alle aldrar har kome saman over dei politiske skiljelinene, seier dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene, Camilla Mevik. Foto: LAG

– Det som er interessant er at Macri er ein av dei mest konservative leiarane. Likevel har ein fått til ei så stor mobilisering. Kirchner (tidlegare argentinsk president red.anm) var mykje lenger til venstre, men ho ville ikkje ta i abortspørsmålet, seier dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene, Camilla Mevik, på telefon til Framtida.no.

Dei er medarrangør for ei solidaritetsmarkering for argentinsk abortkamp som vert arrangert utanfor Nobels fredssenter klokka 17.30 i dag.

– Det er ei solidaritetsmarkering med dei argentinske kvinnene som kjempar for kontroll over eigen kropp og me har eit håp om at abort skal verte lovleg òg i andre land, seier Mevik, som ikkje vågar å spå resultatet.

Den katolske kyrkja i landet har vore tydeleg i sin motstand mot forslaget, men ifølgje ei undersøking gjort av Amnesty er rundt 60 prosent av landets innbyggjarar for. Fleire legar og helsepersonell har på si side demonstrert imot, ifølgje Associated Press.