Demonstrerer mot kvinnevald med viralt kamprop

Over heile verda samlast kvinner no i eit feministisk kamprop for å setje fokus på drap og vald mot kvinner – også i Noreg.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei gruppe kvinner står samla, med bind framfor augo. Dei beveger seg frå side til side, til lyden av trommer.

– Patriarkatet er ein dommar som dømer oss for å vera fødde, ropar dei i kor.

Dei held fram. Så kjem refrenget:

– Og skulda var ikkje mi, eller kor eg var eller korleis eg var kledd. Valdtektsmannen var deg, ropar dei saman og peikar på publikum.

Starta i Chile

I Chile har det vore stor uro i fleire veker, og ifølgje Human Rights Watch brukar politiet vald og seksualisert vald mot kvinner som deltek i demonstrasjonane. 

Det var dråpen som inspirerte det feministiske kollektivet Lastesis til å laga kampropet Un violador en tu camino (Ein valdtektsmann på din veg) i slutten av november. Målet er å bruka kampropet til å setje fokus på vald og drap av kvinner.

På FNs internasjonale dag for avskaffing av vald mot kvinner, 25. november, vart kampropet framført i Chile. Helga etter var fleire tusen samla utanfor nasjonalstadionen til landet.

Så spreidde det seg til heile verda.

Ein valdtektsmann på din veg

Eit internasjonalt søsterskap vart vekt til live. Solidaritet i by etter by, land etter land under #Elvioladorerestu. 

I heile Sør-Amerika, i Italia, England, Tyskland, India, Spania, Guatemala, Frankrike, Colombia, USA, Kreta, Tyrkia, Mexico, Libanon, Australia, Canada, Sverige og fleire land har dei ropt det som har blitt ein internasjonal hymne mot kvinnevald og kvinnedrap.

Un violador en tu camino på norsk

Flashmob av “Un violador en tu camino – Lastesis” ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Oslo og Bergen med i kampen

Laurdag 7. desember var kampropet kome til Noreg, både i Bergen og Oslo.

Omlag 200 kvinner møtte opp ved Tigeren på Jernbanetorget i Oslo, for å framføra den sterke flashmoben, og både i publikum og blant kvinnene som stod saman, var det fleire som tok til tårene.

Lina Alvarez Reyes. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Samtidig som det opplevtest som overveldande vakkert, var me også prega av alvoret og kvifor me gjorde dette. Den kjensla ga oss endå meir motivasjon for å fortsetje arbeidet, fortel ein av initiativtakarane Lina Alvarez Reyes, på e-post til Framtida.no.

I ei pressemelding i førekant av hendinga uttalte ho at det stadig vekk kjem rystande tal som viser ei auke i vald og drap av kvinner på tvers av kontinentet.

– Denne flashmoben symboliserer vår motmakt og misnøye. Hensikta er også å visa at me står samla i internasjonalt søsterskap på tvers av landegrenser, seier ho i pressemeldinga.

At flashmoben har spredd seg over heile verda, meiner Reyes er eit teikn på at dette også gjeld i land over heile verda, også utanfor Sør-Amerika.

– Patriarkalske strukturar rammar kvinner verda over, og me er her i internasjonalt søsterskap for å krevja ein stopp av valden me dagleg vert ramma av, seier ho til Framtida.

Sjå video frå Oslo:

Kvinnedrap eit stort problem i latin-Amerika

Ifølgje gruppa Lastesis får berre åtte prosent av voldtektssakene i Chile ein dom.  

FN fortel at meir enn 2300 kvinner vart drepne i Latin-Amerika i 2018. Organisasjonen seier at av dei 25 landa i verda med høgast tal for drap på kvinner, er fjorten av desse i Latin-Amerika. 

– Kjønnsbasert drap av kvinner er ei ekstrem forlenging av valden kvinner i området opplever, sa Alicia Bárcena i FN då tala kom fram.

Bakgrunnsfoto: Henry & Co./Unsplash

137 kvinner drept av nære kvar dag – over heile verda

Kvar dag er 12 latinamerikanske kvinner offer for kvinnedrap. Men kvinnedrap er ikkje berre eit latinamerikansk problem. Kvar einaste dag, vert gjennomsnittleg 137 kvinner drepne av familie eller partnar over heile verda, ifølgje FN. 

Bakgrunnsfoto: Jeremy Bishop /Unsplash

FN melder at heimen er staden ei kvinne er mest utsett for drap. Meir enn halvparten av dei 87.000 kvinner vart drepne i 2017. 30.000 av dei vart drepne av partnar, medan 20.000 vart drepne av ein slektning.

Opptil 7 av 10 kvinner vil oppleve vald

I same rapport kjem det fram at menn generelt har høgare sannsyn for å bli drepne, men meir enn åtte av ti offer for partnervald er kvinner. 

Ifølgje FN vil også 35 prosent av alle kvinner i løpet av livet oppleve vald. I nokre områder gjeld det imidlertid så mange som 7 av 10 kvinner.

Bakgrunnsfoto: Melanie Wasser /Unsplash

Brukar songen til å dela eigne historier

Ein del av kampsongen er: Og det var ikkje mi skuld, eller kor eg var, eller korleis eg var kledd.

Denne teksten har fått fleire til å dela sine historiar:

Og det var ikkje mi skuld: «Eg var 7 år», «eg var 6 år», «eg var 10 år», «eg var 4 år», «eg var 13 år».

Eller kor eg var: «Sommarklubb», «i kyrkja», «hos naboen og leika», «hos bestemor», «hos ein ven»

Eller korleis eg var kledd: 

«Kjole»

«Overall»

«Barneklede»

«Surfedrakt»

Partnarvald aukar i Noreg

Sjølv om Noreg har langt betre statistikkar, er det framleis ein veg å gå her også. 

Nærare 62.000 kvinner, 907 menn og 45.000 barn har budd på krisesenter dei siste 25 åra, og talet på saker med partnarval aukar, ifølgje Politiforum.

Dei fortel også at det er nokså konstant at 25 prosent av drapa kvart år, er utført av nokon i nær relasjon til offeret.

Bakgrunnsbilete: Christopher Campbell /Unsplash

Statistikk viser at vald mot kvinner i nære relasjonar er fysisk meir alvorleg, enn vald mot menn i nære relasjonar. Ei undersøking frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress viser at 1 av 10 norske kvinner seier at dei har blitt utsette for «alvorleg fysisk vald» i nære relasjonar, medan 2 % av menn seier det same.

Ifølgje Krisesenter.com rapporterer 1 av 10 kvinner at dei er blitt valdtekne. Dei fleste valdtekter blir gjort av nokon ein kjenner (86 %). Halvparten av kvinnene som rapporterer valdtekt har opplevd valdtekt før fylte 18 år.

Treng du hjelp eller nokon å snakka med? VO-linja er for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar, og du kan ringa døgnet rundt på 116 006. Du kan også ta kontakt som pårørande.