Tapte kampen om ny abortlov i Argentina

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det ulovleg å ta abort i Argentina, men lova opnar opp for unnatak dersom mors liv er i fare eller svangerskapet er resultat av valdtekt eller incest.

Eitt nytt lovforslag, som ville sikra jenter og kvinner frå 13 år og oppover høve til å få avslutta svangerskapet innan fem dagar før veke 14 i svangerskapet, vart nedstemt i senatet i går.

Les også: Argentina kan få sjølvbestemt abort

Ja i kongressen – nei i senatet

Det har vore mykje spenning knytt til lovforslaget etter at underhuset i juni stemte for – med 129 mot 125 stemmer.

I senatet vart forslaget til slutt nedstemt med 38 mot 31 stemmer. Tre representantar var ikkje tilstades eller lot vera å stemma.

Esteban Bullrich, ein senator frå ein provins i Buenos Aires som stemte imot forslaget, meiner forslaget ikkje siktar seg inn på å redusere aborttala.

– Det tek ikkje sikte på å redusera tragedien. Det legaliserer han, sa Bullrich ifølgje Washington Post.

Sjølv om forslaget vart nedstemt kan lovgivinga kring abort i Argentina vera i endring. Fleire senatorar meinte lovforslaget var for omfattande, men er opne for nye lovforslag.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

– Råkar dei fattige unge jentene hardast

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, ser medvinden i abortsaka i Argentina i samanheng med eit auka fokus på kampen mot voldtekt og seksualisert vold mot kvinner i Latin-Amerika. Foto: Amnesty International Norge

Ifølgje Amnesty vert det utført kring ein halv million ulovlege abortar i landet årleg, og sidan 1983 har over 3000 kvinner mista livet som følgje av utrygge abortar.

Amnesty International har difor engasjert sterkt i saka.

– Det er viktig å presisere at abortforbodet råkar dei fattige, unge jentene hardast. Det er dei som ikkje har andre alternativ som ender med dei farlege alternativa. Dei som har pengar kan sikra seg ein trygg abort, seier politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Patricia Kaatee, til Framtida.no.

Ho har sjølv snakka med jenter og kvinner som har opplevd traumatiske utrygge abortar.

– Desse abortane er ein alvorleg risiko for jenter og kvinners liv og helse. Tilgang på lovleg og trygg abort handlar om jenter og kvinners menneskerettar, retten til god helse, mot tortur og umenneskeleg behandling, slår Kaatee fast.

Fire års fengsel for abort

Latin-Amerika er ein region med strenge abortlover, men dei seinare åra har fleire land endra desse. I 2012 vart abort avkriminalisert i Uruguay, noko høgsterett i Brasil også vurderer.

Kvinner som tek abort i Argentina risikerer i dag opptil fire års fengsel, medan helsepersonell kan straffast med inntil seks års fengsel.