Vil avkriminalisera abort på New Zealand

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er abort ei kriminell handling i New Zealand. Kvinner på New Zealand kan berre få lovleg abort dersom graviditeten er resultat av incest, det er alvorlege fosterskadar og om mors liv og helse står i fare. 

For å få innvilga ein abort må kvinna få godkjenning frå to legar eller anna helsepersonell. Prosessen tek også lang tid, med eit gjennomsnitt på 25 dagar. 

Seksuelle overgrep og «ekstrem alder» (låg alder) kan bli vurdert som grunn til å vurdera det, men dei er ikkje i seg sjølv nok til å få innvilga lovleg abort. 

Dei siste ti åra har 2566 kvinner fått avslag på ynskjet om ein lovleg abort, ifølge ein rapport frå Stuff Circuit. 

Justisminister: – På tide med ei endring

Justisministeren i landet, Andrew Little, la måndag fram eit lovforslag for å avkriminalisera abort og gjera det om frå eit lovspørsmål til eit helsespørsmål. 

Justisminister Andrew Little. Foto: Governor-General/Government House

– Abort er det einaste medisinske inngrepet som framleis vert sett på som eit lovbrot i New Zealand. Det er på tide med ei endring, og trygg abort burde behandlast og regulerast som eit helsespørsmål. Ei kvinne har rett til å bestemma over kva som skjer med kroppen hennar, sa han i ei kunngjering.

Fri abort til veke 20

Dersom lovforslaget går gjennom, vil kvinner i New Zealand sjølv kunne bestemme om dei vil ta abort – inntil veke 20. Dette utan å måtte ha ein legetime først og utan å få godkjenning av to legar for å få innvilga abort.

Dei vil bli tilbudt rådgjeving og støttetilbod, men det vil ikkje vera eit krav.

Etter veke 20 må ein få godkjenning av helsepersonell. 

Parlamentet vil avkriminalisera

Torsdag stemte parlamentet for første gong over endringar i den 42 år gamle lova som vert kalla Contraception, Sterilisation and Abortion Act.

Saka vert behandla som eit samvitsspørsmål og politikarane får dimed avgi sine stemmer uavhengig av kva parti dei høyrer til. 94 stemte for og 23 imot. 

Lovforslaget går no til ein komité som skal gå gjennom eventuelle endringar og ta imot folket sine innspel. Etter dette er det truleg at det blir både ei andre og ei tredje høyring der ein også vil stemma over forslaget i parlamentet.

Lova er venta å bli sett i verk om rundt seks månadar.  

Under debatten talte mellom anna statsminister Jacinda Ardern, som har hatt liberalisering av abortlova som kampsak lenge.

–  Tida er inne for å setje kvinner si verdigheit og rettar i sentrum av denne diskusjonen, sa ho.

Jacinda Ardern, statsminister på New Zealand. Foto: Governor-General/Government House

– Gi oss tilbake verdigheita

Ardern fortalde at ho sjølv har vakse opp i ein religiøs heim, og at ho respekterer folk sine rettar til å meine som dei vil. 

– Men eg dreg ei linje der meininga di, vanskeleggjer rettane til andre. 

Ho avslutta med å lesa opp frå eit brev, der det stod: «Gi oss tilbake verdigheita».

 

 

Les også: Kva i all verda skjer med abortinnstrammingane rundt om i verda?

21. mai i år stilte kring 3000 menneske opp framfor delstatsbygget i St.Paul, Minnesota, for å protestera mot dei nye abortinnstrammingane. Foto: Fibonacci Blue