Malala om Greta Thunberg: – Den einaste venen eg ville skulka skulen for
Denne veka møttest dei to aktivistane på Universitetet i Oxford, der Malala Yousafzai studerer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Så… i dag møtte eg mitt førebilete. Kva meir kan eg seie? skriv Greta Thunberg på Twitter tysdag denne veka.
So… today I met my role model. What else can I say? @Malala pic.twitter.com/n7GnXUngov
— Greta Thunberg (@GretaThunberg) February 25, 2020
Den svenske 17-åringen har teke eit friår frå skulen for å prioritere klimakampen etter at skulestreikane ho starta har vorte ei internasjonal rørsle.
Greta etterlyser verkelege null-utslepp
Ifølgje CNN møtte Thunberg den pakistanske aktivisten Malala Yousafzai på universitetet i Oxford, der 22-åringen studerer.
Rektor ved Lady Margaret Hall hjå Universitetet i Oxford skriv at Thunberg møtte fleire studentar for å mellom anna snakka om netto null-utslepp versus verkeleg null-utslepp.
Då Thunberg snakka til verdas toppleiarar under toppmøtet i Davos tidlegare i år, var ho tydeleg på at kravet ikkje er å nå «netto null-utslepp eller karbonnøytralitet ved å jukse eller trikse med tal».
– Før me har teknologien som i stor skala kan få utsleppa våre i minus, må me gløyma netto null. Me treng verkeleg null, sa ho frå scena i Davos januar.
- Les også: Greta Thunberg på milliardærtoppmøte: – Ingenting er blitt gjort. Utsleppa har ikkje gått ned
Malala: – Den einaste eg ville skulka skulen for
Yousafzai vart på si side eit internasjonalt symbol for jenter si rett til utdanning i 2012, då ho vart skoten på ein skulebuss på bakgrunn av sitt engasjement for saka.
I 2014 vart ho tidenes yngste mottakar av Nobels ferdspris, som ho delte med indiske Kailash Satyarthi.
Yousafzai bruker også Twitter for å uttrykke si støtte til Thunberg, og skriv:
– Ho er den einaste venen eg ville skulka skulen for.
She’s the only friend I’d skip school for. pic.twitter.com/uP0vwF2U3K
— Malala (@Malala) February 25, 2020
Sterke jenter
Det er ikkje første gongen Yousafzai har hylla greta. I eit intervju med Teen Vouge hylla 22-åringen mellom anna Greta Thunberg og Emma Gonzales, som har markert seg i kampen for strengare våpenlover etter skuleskytinga i Florida i 2018.
Møtet mellom dei to unge aktivistane vekkjer åtgaum verda over og tidlegare presidentfrue, Michelle Obama, har delt Yousafzai sitt innlegg vidare med ein hjerte-emoji, saman med ein sterk arm:
— Michelle Obama (@MichelleObama) February 25, 2020