Fire tenåringar opna Verdas øknomiske forum i Davos. Dei meiner unge vert høyrt, men ikkje lytta til.
mm

For første gong i historia toppar klima- og miljøspørsmål risikolista til økonomieliten i verda. Denne veka er det toppmøte for organisasjonen, Verdas øknomiske forum (WEF), og det var stor merksemd rundt verdsleiarane, og spesielt Donald Trump sin tale tysdag.

Men ikkje alle meinte han var viktigast.

– Det er viktigare at Greta Thunberg er her, enn at Trump er her. Ho representerer det nye, han det som held tilbake det nye, sa mellom anna Ferd-eigar og milliardær Johan H. Andresen.

– Yngste panel nokonsinne

Under økonomitoppmøtet var også dei unge invitert til scena. Debattleiar var TIME-redaktør Edward Felsenthal.

– Dette er eit utruleg augneblink. Å starta det femtiande WEF med desse unge. Eg har blitt fortalt at det er det yngste panelet som nokonsinne har blitt sett saman på WEF.

Saman med Greta Thunberg (17) sat puertorikanske Salvador Gómez-Colón (16), zambiske Natasha Mwansa (18) og kanadiske Autumn Peltier (16).

Thunberg: – Ingenting er blitt gjort

Snart halvanna år er gått sidan Thunberg sette seg ned åleine framfor Riksdagen med plakaten: «Skolstreik för klimatet».

Greta Thunberg. Foto: Anders Hellberg/Wikipedia

Sidan då meiner ho at det unge klimaopprøret det siste året, har vore med på å pressa den offentlege amtalen til å handla meir om klima og at folk generelt er blitt meir medvitne på klimasaka.

– Men i eit stort perspektiv er det i praksis ingenting som er blitt gjort, med tanke på at globalutsleppa ikkje har gått ned. Dette var også noko forventa. Det vil krevja mykje meir enn dette. Dette er berre starten. Utan å møta dette som ei ekte krise, klarar me ikkje å løyse det.

17-åringen, som vert fotfulgt av journalistar og medium, meiner ein er for dårleg til å lytta til dei unge og forskinga.

– Eg blir høyrt heile tida. Men generelt blir verken forskinga eller unge sine stemmer sett i sentrum av debatten. Det må det bli. Dette handlar om oss og vår framtid og framtidige generasjonar, i tillegg til dei som allereie vert råka av klimakrisa i dag. Me må ta innover oss forskinga, for det er det dette handlar om.

– Uhandgripeleg politisk

Salvador Gómez-Colón tok også opp korleis dei unge har fått ei røst i den offentlege samtalen og at fleire vågar å heva stemma.

Me er ikkje framtida – me handlar no

– Me ser over heile verda at dei unge reiser seg og engasjerer seg for den verda me vil ha, sjølv når leiarane våre ikkje tek ansvar. Me ventar ikkje lenger, me er ikkje framtida – me handlar no, sa Gómez-Colón som meiner at unge også har høve til å inspirera og læra dei eldre ting.

Salvador Gómez-Colón. Foto: Presse

Då orkanen María øydela Puerto Rico i 2017 vart han engasjert i å skaffa vatn og straum, og starta «Light and hope for Puerto Rico». Dei deler ut solcelledrivne lampar og handdrivne vaskemaskinar.

16-åringen frå Puerto Rico trur det som gjer klimasaka vanskeleg, er at det ikkje er ei typisk politisk sak.

– Det er så uhandgripeleg politisk. Det er ikkje sosioøkonomisk, ikkje rase-politikk. Klimakrisa bare er. Og fram til me byrjar å innsjå det faktumet, vil me ikkje koma særleg langt.

Vil bli involvert meir der det skjer

Zambiske Natasha Mwansa har profilert seg som barne-journalist, der ho har jobba særleg med å setja fokus på tvangsekteskap i heimlandet.

18-åringen meiner at ein må må investera i og involvera unge i beslutningstakinga, og samarbeida på tvers av generasjonar.

Dei eldre har masse erfaring, me har masse idéar og energi

Natasha Mwansa. Foto: IMF Staff Photograph/Stephen Jaffe

– Dei eldre har masse erfaring, me har masse idéar og energi. Me har løysingar for problema, så me må læra å samarbeide. Og me unge vil vera med. Me vil ikkje berre fortelja kva som må gjerast, me vil vera ein del av prosessen frå start til slutt.

Ho meiner at sjølv om unge blir meir lytta til no, så stoppar det som oftast der.

– Det er veldig bra at me blir lytta til og tekne med, men ofte er det meir sånn: «La oss få dei unge, energifylte på scenen». Og så skjer det ikkje meir etterpå. Det er ikkje noko system for å få dei unge integrert i prosessen vidare. Og om dei ikkje har alle kunnskapane enno, kvifor ikkje investera i dei, så dei kan delta i styrande prosessar seinare?

Autumn Peltier. (Foto: AP Photo/Richard Drew)

Også kanadiske Autumn Peltier (16), som har engasjert seg i kampen for reint drikkevatn i  urinvånar-område, er er lei av godord utan handling:

– Berre at det er me som er unge som må stå på denne scenen og må skapa merksemd rundt dette, følest veldig feil. Me burde ikkje måtte gjera dette. Folk skryter av meg, prisar meg og seier eg gjer ein god jobb. Men eg vil ikkje ha desse lovorda. Om du vil prisa meg, gjer det gjennom å hjelpa meg å finna løysingar og å skapa endring.

Sosiale medium – styrke og svakheit

Ordstyrar Felsenthal lurte på om klimaopprøret liknar andre ungdomsrør oppigjennom historia, men Colon meiner ungdomsopprøret for klima er historisk.

– Me har internett og kan kommunisera og få merksemd på eit heilt anna nivå enn nokonsinne tidlegare. Det er historisk. Det er også veldig viktige tema, og me har perspektiv verdig å lytte til, sa Colon.

Mwansa er likevel redd for at sosiale medium ikkje berre er positivt, sjølv om generasjonen er aktive, høglytte og mektige.

– Samstundes føler eg me kunne vore endå meir vågale, høglytte og meir ute i gatene. Med internett kan det fort bli at ein berre sender ut ein tweet eller skriv noko på sosiale medium. Det får mykje merksemd, men har kanskje ikkje like mykje slagkraft som til dømes demonstrasjonar. Eg trur ein tidlegare var meir aktive på bakken og gode til å følgje opp.

Collage med bilete frå Children VS Climate change
Oppdatert: onsdag 22. januar 2020 12.46
ANNONSE