Greta Thunberg registrerer namnet sitt og «Fridays for Future» som varemerke
Den svenske 17-åringen har sett seg lei av folk som misbrukar namnet hennar og skulestreikarane for eiga vinning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Namnet mitt og #FridaysForFuture-rørsla vert stadig vekk misbrukt i kommersielle samanhengar utan noko som helst samtykke.
Det skriv klimaaktivist Greta Thunberg på sin offisielle Instagram-konto.
Åtvarar mot falske aktørar
Den svenske 17-åringen forklarar at det har blitt misbrukt til marknadsføring, sal, pengeinnsamlingar og for å kome i kontakt med profilerte menneske.
Thunberg åtvarar følgjarane sine mot folk som misbrukar namnet hennar og har sett seg nøydd til å søka om å varemerkeregistrera både sitt eige namn, Fridays For Future og det svenske Skolstrejk för klimatet.
I same melding fortel Thunberg at familien har valt å oppretta eit fond, for å sikra gjennomsiktigheit i økonomien. Ho forsikrar om at det er ikkje-kommersielt, men naudsynt for å handtera pengar frå til dømes boksal, donasjonar og prispengar.
250.000 kroner til klimasøksmålet
Førre veke var dommen i ankesaka klar. Miljørørsla ved Natur og Ungdom og Greenpeace tapte i andre runde av klimasøksmålet, men ankar til Høgsterett.

Frå venstre: Greenpeace-leiar Frode Pleym, leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg, Aud Nordø frå Greenpeace, Runa Røed frå Greenpeace, Åsa Braut Bache, Lea Justine Nesheim, og Gaute Eiterjord, som er tidlegare leiar av Natur og Ungdom, Halvard Raavand (Greenpeace), Haldis Helle (Natur og Ungdom), Mari Seilskjær (Koalisjonen klimasøksmål Arktis) FOTO: Thor Due/Natur og Ungdom