Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under økonomitoppmøtet WEF i fjor, hadde Greta Thunberg tale.

Tysdag 21. januar var ho tilbake i Davos. Denne gong med endå hardare ord og krav til verdas maktelite og milliardærar.

Her er heile talen hennar, omsett til norsk:

For eitt år sidan kom eg til Davos og fortalde at huset vårt står i brann. Eg sa at eg ville at de skulle få panikk. Eg har blitt åtvara om at det er veldig farlig å fortelje folk om å få panikk over klimakrisa. Men ikkje uroa dykk ikkje. Det går bra.

Stol på meg, eg har gjort det før, og eg kan forsikre dykk om at det ikkje fører til noko som helst.

Og berre så de veit det: når vi barn ber dykk om å få panikk, seier vi ikkje at de skal halda fram som før. Vi ber dykk ikkje om lene dykk på teknologiar som ikkje ein gong eksisterer i stort nok omfang i dag, og som vitenskapen seier det kanskje aldri vil heller.

Vi ber dykk ikkje å halda fram å snakke om å nå «netto nullutslepp» eller «karbonnøytralitet» ved å jukse og fikle med tal. Vi ber dykk ikkje om å «kompensere for utsleppa dykkar» ved å berre betale nokon andre til å plante tre på stadar som Afrika, samstundes som skogar som Amazonas blir slakta ned i ein uendeleg mykje høgare fart.

Å plante tre er sjølvsagt bra, men det er ikkje i nærleiken nok av det som trengst, og det kan ikkje erstatte reell skadeavgrensning og gjenoppbygging av naturen.

La oss vere klåre. Vi treng ikkje ein «lavkarbon-økonomi.» Vi treng ikkje å «senke utsleppa». Utsleppa våre må stanse, om vi skal ha ein sjanse til å halde oss under 1,5-gradersmålet.

Og fram til vi har teknologiane som i stor skala kan sende utsleppa våre i minus, må vi gløyme netto null. Vi må ha verkeleg null.

Fordi fjerne netto-nullutsleppsmål vil bety absolutt ingenting, dersom vi berre held fram å ignorere karbondioksid-budsjettet. Det gjeld for i dag, ikkje for i fjerne framtidige datoar. Om høge utslepp held fram som no, i berre nokre få år, vil det budsjettet vi har igjen snart vera heilt oppbrukt.

At USA forlet Paris-avtalen ser ut til å vekka raseri og uro, og det bør det. Men det faktum at vi er i ferd med å feile på forpliktingane de skreiv under på i Paris-avtalen, ser ikkje ut til å plage dei makthavande i det minste.

Einkvar plan eller politikk de har som ikkje inkluderer radikale utslepskutt, heilt frå kjelda, frå i dag av, er heilt utilstrekkeleg for å oppfylle forpliktingane om 1,5 grader eller godt under 2 grader i Paris-avtalen.

Og igjen handlar ikkje dette om høgre eller venstre. Vi kunne ikkje brydd oss mindre om partipolitikken din. Frå eit berekraftsperspektiv har både høgre, venstre og sentrum mislukkast.

Ingen politisk ideologi eller økonomisk struktur har vore i stand til å takle klima- og miljøkrisa og skape ei samanhengande og berekraftig verd. Fordi den verda, i tilfelle de ikkje har fått det med dykk, akkurat no står i brann.

De seier at barn ikkje skal uroe seg. De seier: «Berre overlat dette til oss. Vi ordnar dette, vi lovar at vi ikkje skal skuffa dykk. Ikkje ver så pessimistiske».

Og likevel, ingenting. Stillheit.

Eller noko verre enn stillheit. Tomme ord og løfter som gir inntrykk av at det vert gjort nok.

Alle løysingane er openbert ikkje tilgjengelege i dagens samfunn. Vi har heller ikkje tid til å vente til nye teknologiske løysingar blir tilgjengelige, før vi startar drastisk reduksjon av utsleppa våre.

Så overgangen kjem sjølvsagt ikkje til å bli lett. Det blir vanskeleg. Og med mindre vi byrjar å møte dette saman, no, med alle korta på bordet, vil vi ikkje kunne løyse dette i tide.

I dagane opp mot 50-årsjubileet for World Economic Forum slutta eg meg til ei gruppe klimaaktivister som kravde at de, verdas mektigaste og mest innflytelsesrike næringslivs- og politiske leiarar, skulle byrja å iverksette tiltaka som nødvendige.

Dette er det vi krev på årets World Economic Forum, frå deltakarar frå alle selskap, bankar, institusjonar og styresmakter:

  • Å umiddelbart stansa alle investeringar i leiting og utvinning av fossilt brensel.
  • Å umiddelbart slutte med alle subsidiar til fossilt brensel.
  • Å umiddelbart og fullstendig, trekke dykk ut frå fossile brensler.

Vi vil ikkje at desse tinga skal gjerast innan 2050, 2030 eller til og med 2021.

Vi vil at dette skal gjerast no.

Det kan virke som om vi ber om mykje, og de vil sjølvsagt seie at vi er naive. Men dette er berre det minste minimumet av det som er nødvendig for å starte den raske berekraftige overgangen.

Så anten gjer de dette, eller så må de forklare barna dykkar kvifor de gir opp 1,5-gradersmålet. Utan å eingong prøve.

Vel, eg er her for å fortelje dykk at i motsetnad til dykk, vil ikkje min generasjon gi opp utan kamp.

Faktaa er klåre, men dei er framleis for ubehagelege for dykk å ta opp. De let det vere fordi de synest det er for deprimerande og trur at folk vil gi opp. Men folk vil ikkje gi opp.

Det er de som gir opp.

Førre veke møtte eg polske kol-gruvearbeidarar som mista jobben fordi gruva blei stengt. Og til og med dei hadde ikkje gitt opp. Tvert imot ser det ut til at dei forstår betre enn dykk, at vi må endra oss.

Eg lurer på kva vil de seie til barna dykkar at var grunnen til å mislukkast og la dei stå ovanfor eit klimakaos, som de velvitande lempa over på dei?
At: «det virka så ille for økonomien at vi bestemte oss for å gå frå idéen om å sikre framtidige levekår uten å eingong ha prøvd»?

Huset vårt står framleis i brann.

Dykkar mangel på handling hiv brensel på bålet for kvar time.

Og vi ber dykk om å handla som om de elska barna dykkar framfor alt anna.

Takk.

Unge klimaaktivistar opna den femtiande World Economics Forum i Davos 2020.