«Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet» speler ballen rett i fanget på klimafornektarane


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Folkeopprøret mot klimahysteriet» gjorde lite forskjell i min kvardag. Det er ei Facebook-gruppe med meiningar eg veit eksisterer, og som folk er i sin fulle rett til å ha.

Dei hadde lite gjennomslagskraft, fordi samfunnet som heilskap er ferdig med å diskutere om klimaendringane skjer og om menneska har hatt innverknad på desse endringane. 

I staden dreidde samfunnsdebatten seg om kva me skal gjera for å avgrensa omfanget, korleis ansvaret skal fordelast og kven som skal ta rekninga.

Vitnesbyrd om klimaendringar

Men det var før «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet» vart etablert.

For plutseleg kjem det «vitnesbyrd» frå «Turid» (54) og «Sanna» (41), som trur på menneskeskapte klimaendringar. Det er fint og flott at dei vil markere at dei er opplyste folk, men det hjelper ikkje debatten.

Det bidreg til at debatten handlar om det som dei som nektar for klimaendringane og behovet for å gjera endringar, vil diskutere: Om menneskeskapte klimaendringar finst.

Eg er ikkje medlem i verken «Folkeopprøret mot klimahysteriet» eller «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet», men sidan dei fleste store mediehusa har kasta seg på har eg på ingen måte vorte skjerma for innhaldet.

Kritiserer motstandarane for hetsing

I Politisk Kvarter fredag stilte både Knut Amundsen, som har vorte talsperson for «Folkeopprøret mot klimahysteriet», og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

Rotevatn er klokkeklar på at motstand mot klimatiltak er legitime politiske standpunkt, men at me må diskutere «korleis me løyser problemet, ikkje om me har eit problem».

Amundsen får på si side hevde at mesteparten av brannane i Australia er påsatt og at det er heilt naturleg, før han får spørsmål om opprøret mot hans eige opprør.

– Eg må berre riste på hovudet, for det er eit lågmål. Det er ikkje klimadebatt dei driv med, det er hetsing av folk, seier Amundsen i Politisk Kvarter.

Det er mange gode spørsmål og debattar i folkeopprøret mot folkeopprøret, men òg ein del latterleggjering av meiningsmotstandarar. Det er lett å forstå, men speler ballen rett i fanget på dei som vil ropa heksejakt.

Responsens retorikk

Retorikar Jens E. Kjeldsen kallar det for «responsens retorikk». Det betyr at ein provoserer med vilje og at styrken til provokatøren ligg i responsen på provokasjonen.

Under den danske valkampen i fjor brukte leiaren for det innvandringskritiske partiet Stram kurs, Rasmus Paludan, taktikken aktivt. Han gjorde omtrent alt som stod i si makt for å terge på seg sine politiske meiningsmotstandarar, men sidan dei berre lot han dure på fungerte det i liten grad.

I Noreg gjer me no det motsette.

Og det er ikkje berre privatpersonar sitt engasjement som styrer debatten i gal retning, rett inn i famnen til «Folkeopprøret mot klimahysteriet». 

Faktasjekk til besvær

Faktasjekktenesta Faktisk.no har sett på kven det er som eigentleg styrer Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot klimahysteriet». Dei har sett på kva initiativtakar Knut Amundsen og 21 andre har føreteke seg på sosiale medium. 

Faktisk.no har funne ut at moderatorane har vore aktive i innvandrings og islamfiendtlege grupper, dei har hetsa namngitte politikarar som Abid Raja, Erna Solberg og Gro Harlem Brundtland. Og ikkje nok med det: nokon dei er anti-barnevern, vaksinemotstandarar og konspirasjonsteoretikarar.

Denne faktasjekken bidreg kanskje til å stadfesta nokre fordommar som eg og fleire andre har, men er det riktig fokus?

I staden for å ta tak i argumenta og påstandane deira, sjekkar Faktisk.no kven klimamotstandarane er. Det er ei avsporing.

Bort frå Facebook-debatten

No er det på tide at me alle pustar med magen og sluttar å hisse oss opp over meiningsmotstandarar.

Det er på tide at me kjem tilbake til debatten og samtalen om korleis me skal takla klimakrisa – ein debatt som med fordel bør takast utanfor skyttargravene på Facebook.