Kva med litt kollektiv parterapi?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Det er så mange narkomane ungdommar som tiggar i Noreg og de gjer ingenting for å hjelpa dei,» sa ein svensktalande mann til meg.

Eg tenkte nok at han kanskje ikkje var heilt oppdatert på stoda og freista å nyansere biletet noko, sjølv om talet på overdosedødsfall i Noreg vitnar om at me slett ikkje lukkast i kampen mot narkotika.

«Det er ein diskusjon i Noreg no om ein skal overføra ansvaret for narkomane til helseomsorgen, noko som er omdiskutert sidan det inneber at dei må ta seg av noko som kan opplevast som straff» og «mange av tiggarane i Noreg er romfolk og der er det ein diskusjon om korleis ein kan hjelpa dei utan å gjera det for attraktivt å kome til Noreg,» prøvde eg å forklara.

«Me blir nok ikkje einige,» svara han, og eg sat att med ei kjensle av at han hadde mistolka meg som ein meinigsmotstandar som syntest at Noreg er perfekte når det kjem til rusomsorg.

Noko seier meg at kommunikasjonen ikkje er heilt som han bør vera for å få dette forholdet til å fungera. Då er det viktig at partane anerkjenner problemet og er villige til å jobba seg gjennom det.

Det er ikkje flaut å oppsøkja hjelp dersom du opplever at kommunikasjonen er stagnert. Av og til kan ein nøytral tredjepart vera det som skal til for å ikkje bli ein del av den dystre skilsmissestatistikken. Kva med litt parterapi?

Les også om Medieundersøkinga 2018: Færre unge deltar i nettdebattar og fleire blir utsett for netthets

Digitale skyttargraver

Både folk og forskarar har lenge ropt varsku om dei digitale skillelinjene som har utvikla seg til digitale skyttargraver der mange kvir seg for å delta.

I ei sak om temaet siterer NRK rapporten «Kollektiv handling i digitale medier» av Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. Der seier 24 prosent at dei unngår å ytra seg politisk i sosiale medium fordi dei er redde for å gje feil inntrykk av kva dei meiner.

Det er eit samfunnsproblem om debatten på sosiale medium vert så polarisert at nyanserte røyster kvir seg for å delta, samstundes som det er ein plattform som er meir eigna til CAPS LOCK og ropeteikn enn konstruktiv debatt.

Eit endå større problem er det om folk ikkje vågar å koma med motførestellingar og stilla kritiske spørsmål i diskusjonar som skjer andlet til andlet, fordi dei er redde for å verte mistolka.

Er det ein ting me kan læra av parterapeutane, så er det at ein må snakka saman. Det er faktisk punkt nummer to på psykolog og parterapeut Catrin Sagen si liste over «6 ting som kan redde et vaklende parforhold». For er det ein ting som er skadeleg for forholdet, så er det å føla seg misforstått og oversett av partnaren.

Misforstå meg rett

Det er ofte lettare å vinna billige poeng ved å misforstå med vilje enn å forstå. Eit døme er Sylvi Listhaug som i boka Der andre tier skreiv at: «Skal man tro feministene, er det sånn at hver gang en mann plystrer etter deg, er det et form for overgrep.» (Utsegnet provoserte meg til på skriva dette motsvaret.)

Eit anna er næringsminister Torbjørn Røe Isaksen som fredag delte sitt hjartesukk på Facebook over kva me skal leva av i framtida:

– ikke industri, det er så skittent og gammeldags

– ikke skog og trevirke, den må fredes

– ikke olje og gass, sier de, på grunn av klimaet, selv om norsk gass er en del av løsningen for Europa, la dem heller kjøpe gass fra Russland

Lista er lang og fekk AUF-leiar Ina Rangønes Libak til å samanlikna næringsministeren med Parterapi-karakteren Ulrik, som har lett for å verte snurt i møte med kritikk.

Til DN medgjev då også ministeren at Facebook-posten er unyansert, noko han òg kritiserer motparten for å vera.

Å bli klokare saman

Ein vesensforskjell på eit parforhold og storsamfunnet er at me ikkje har valt å leva saman. Men når me først er her er det viktig å få samlivet til å fungera til beste for alle involverte.

I VG-saka «10 gode ting du må si for å få et bedre forhold» seier samlivsrådgjevar Solveig E. Vennesland at det er veldig viktig at partneren føler seg respektert og godtatt. «Man trenger ikke være enige i ett og alt, men respekten må være til stede i et godt forhold,» forklarar ho.

Målet er verken at me berre skal bli «einige om å vera ueinige» eller at alle skal bli einige. Målet er at me skal sjå ulike perspektiv og «bli klokare saman», som det heiter i problemløysingskonseptet Lørdagsrådet på P3.

Det gjer me ved å snakka saman – og ikkje minst: lytta for å forstå, framfor å berre forklara – ein vanskeleg kunst, som trengst å trenast opp heile livet.

Så kanskje er det på tide med litt kollektiv parterapi?