Er dansk debatt betre enn sitt rykte?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når det kjem til stykket er det eksamensperiode. Me syter for å stemme, for å få det slik me ønsker. Og så deler me kanskje nokre klipp frå debattar på tv dersom det skjer noko gøy – og det gjer det ofte, forklarar Jonas Hareide Andreasen.

Den danske 20-åringen gjekk ut av vidaregåande i Ulsteinvik i fjor og er no flytta til Danmark for å studera til bygg- og anleggsingeniør ved Aalborg Universitet.

I år har han difor brukt stemmeretten sin for fyrste gong både ved Europaparlamentsvalet og skal sjølvsagt gjere det same ved det danske valet på onsdag.

Student Jonas Hareide Andreasen (20) er førstegongsveljar i det danske folketingsvalet. Foto: Privat

Unge opptekne av klima – og eldrepolitikk

Ifølgje ei meiningsmåling frå nyheitsbyrået Ritzau er unge veljarar mest opptekne av klima- og miljø, deretter eldrepolitikk. Førstegongsveljaren ser logikken i det første, men har ikkje noko godt svar på kvifor eldrepolitikk er så viktig for ungdommen.

– For meg er utdanning veldig viktig.

Hareide Andreasen har allereie bestemt seg for kva han skal stemma: Liberal Alliance, som han meiner kan samanliknast med norske Frp.

20-åringen meiner at delar av forskjellane mellom norsk og dansk innvandringsdebatt skuldast at Danmark er ein del av EU og ligg nærare Europa.

Slik frontar Stram Kurs-leiar Rasmus Paludan seg i fana på Facebook. Foto: Facebook

Problemet Paludan

I forkant av valet har Rasmus Paludan, grunleggjaren av partiet Stram Kurs fått mykje merksemd for sine utsegn og stunt der han mellom anna har brent ein Koran innsurra i bacon.

Hareide Andreasen har ikkje problem med å forstå at ungdommane vert opprørt av provokasjonane frå Paludan og at videoane vert mykje spreidd i sosiale medium.

Førstegongsveljaren meiner retorikken til Stram Kurs er problematisk.

– Dei er veldig harde, men elles har det vore fornuftige debattar – med litt høge bølgjer, kommenterer Hareide Andreasen.

Han fryktar Rasmus Paludan kan gje det danske demokratiet eit dårleg omdømme internasjonalt. 20-åringen samanliknar det med då komikaren Jacob Haugaard vart valt inn i Folketinget i 1994.

– Det gjev eit bilete av at me ikkje tek det seriøst, meiner 20-åringen.

Danske Jens E. Kjeldsen er professor i retorikk og visuell kommunikasjon ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

«Responsens retorikk»

Retorikkprofessor Jens E. Kjeldsen er ikkje like uroa for at Rasmus Paludan skal gå ut over Danmarks internasjonale rykte. Då meiner han omtalen av den utskjelte «smykkelova» frå 2016 er meir alvorleg.

Professoren kallar Rasmus Paludan sine provokasjonar for «responsens retorikk», som betyr at styrken i det han seier ligg i korleis folk reagerer på det.

Han løftar fram døme der Paludan oppsøkjer såkalla ghetto-område der det bur mange innvandrarar og provoserer med å seie fiendtlege ting som at muslimar er «pedofile taparar».

– Dersom ingen svarar på det så framstår han berre som ein tapar. På same måte er det i ein politisk debatt. Dersom ein motstandar seier at «det der er eit heilt frykteleg menneskesyn», så har du det gåande, forklarar Jensen.

Ytringsfridomens grense

Det vekte sterke reaksjonar då Paludan tidlegare i år kalla meiningsmotstandar Mimi Jacobsen eit «nazisvin» i Aftenshowet. I tillegg har han brukt ord som «hottentottar» om afrikanske innvandrarar, som han meiner bør sendast heim til sine «lorteland».

– Andre som er for ytringsfridom utviklar ei forståing for at det ikkje er sunt å seie akkurat det du har i hovudet. Det er ikkje hyggjeleg eller strategisk, meiner retorikkprofessoren.

Danske politikarar har stort sett ikkje svart på utsegn frå Paludan, men heller latt han få stå på utsida og seie sine ting. Kjeldsen meiner difor at danske polikarar og media har takla ytterfløyen betre enn svenskane gjorde med Sverigedemokraterna og Jimmie Åkesson.

– Der var det alle mot éin, noko som gav Jimmie Åkesson ei enorm merksemd. Så har faktisk Sverigedemokraterna ein politikk som ein kan vere ueinig i. Paludan har ikkje ein politikk, det handlar berre om at alle muslimane skal sendast heim.

Danmarks statsminister kan krangla heftig med Socialdemokratiets lMette Frederiksen. Foto: News Øresund – Johan Wessman (CC BY 3.0)

Kranglar så busta fyker

Kjeldsen opplever at den harde tonen i dansk debatt ofte vert oppfatta som hardare i Noreg.

– I Danmark er det ikkje uvanleg at ein kranglar så busta fyk. Det kan godt gå temmeleg hardt for seg, men det ser gjerne litt verre ut enn det faktisk er, forklarar dansken.

Det kan vera mykje humor, latter og smil mellom Mette Frederiksen og noverande statsminister Lars Løkke Rasmussen (V) mellom dei politiske åtaka.

Frederiksen og Socialdemotiet ligg best an på meiningsmålingane og delte desse to annonsene førre veke:

Betre enn frykta

Kjeldsen opplever at den politiske debatten i forkant av valet har vore betre enn frykta, noko han meiner skuldast at ein har hatt fokus på tonen i debatten og tonen i valkampen.

I DR-programmet Debatten plar programleiar Clement Kjersgaard å minna deltakarane på at: «Jo meir ueinig du er med nokon, jo penare skal du snakke til dei».

– Når han seier det, så er det ei antaking om at slik er det ikkje. Det peikar både tilbake og fram – tilbake på korleis det har vore og fram slik at ein er einige om at det ikkje er ein særleg sunn måte å snakke på, avsluttar Kjeldsen.

https://www.facebook.com/DRNyheder/videos/1112395018811021/?v=1112395018811021