Noreg aukar klimakuttmål: – Set press på resten av det internasjonale samfunnet

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Endeleg har Noreg eit mål for nasjonale kutt som går saman med verdas klimamål. Dette må også bli det første klimamålet Noreg oppnår. Vi har utsett klimainnsatsen vår så lenge at det må ein enorm innsats til for å nå måla, samtidig som vi ivaretar industri, matproduksjon, verdiskaping og natur.

Det skriv Therese Hugstmyr Woie, leiaren for Natur og Ungdom, i ei melding til Framtida.no.

Meldinga kjem som reaksjon på at regjeringa aukar målet sitt om å kutte utslepp med minst 50 % innan 2030.

Målet blei lagt fram av finansminister Jan Tore Sanner (H), klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) fredag 7. februar.

– Klimautfordringane er vår tids største utfordring, sa finansminister Jan Tore Sanner (H) då han opna pressekonferansen.

Oppnåeleg kutt

Hege Skarrud, leiaren i Spire, er positiv til det nye målet frå regjeringa.

Hege Skarrud er leiar i Spire. Foto: Spire

– Eg tenker vi får seie oss fornøgde med at Noreg set seg mål på minst 50 % utsleppskutt, og opp mot 55 %, innan 2030. Det var meir enn vi venta av den sittande regjeringa, skriv Hege Skarrud i ein e-post til Framtida.no.

Ho meiner det er betre at dei set seg eit mål dei har moglegheit til å nærme seg, i staden for å sikte for høgt, slik ho meiner Danmark har gjort med eit mål om 70 %.

– Eit høgare mål ville regjeringa vår, som hittil berre har kutta 0,9 prosent, ikkje makta å få til. Likevel skulle vi ha sett meir ambisiøse mål for kutt midt i klimakrisa, skriv ho.

Første i den vestlege verda

Bakgrunnen for eit nytt klimamål er at alle land i Parisavtalen (signert 2015) skal legge fram sine oppdaterte nasjonale klimamål kvart femte år. Måla skal vere meir ambisiøse for kvar gong dei blir lagt fram.

Ifølgje NRK har berre Surinam og Marshalløyane sendt inn sine nye mål til FN før Noreg. Fristen er søndag 9. februar.

Det førre målet, som Noreg hadde saman med EU, var å kutte 40 % innan 2030. No har regjeringa lagt fram at sitt nye mål er minst 50 %, og opp mot 55 %, utsleppskutt samanlikna med 1990.

Under pressekonferansen uttrykte Rotevatn at Noreg skal gå føre og påverke EU og andre land om å forsterke sine mål.

Noreg kan legge press

Embla Regine Mathisen, leiaren i Changemaker, meiner Noregs ambisjonar kan legge press på andre land. Dette kan gjere at dei vil forbetre sine mål innan fristen går ut søndag.

– Vi er kjempefornøgde over at regjeringa er meir ambisiøse. At Noreg er det tredje landet i verda, og første landet i Vesten, som melder inn klimamålet, samtidig som vi aukar mål og ambisjon, set press på resten av det internasjonale samfunnet om å auke sine mål endå meir fram til fristen går ut på søndag, seier Mathisen på telefon til Framtida.no.

Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

Changemaker-leiaren er positiv til det nye målet, men etterlyser politisk vilje til å ta grep om sentrale del av utsleppa i Noreg.

– I Klimakur 2030 er der fleire forslag til tiltak som kan gjerast. Likevel skulle vi ønske å sjå politisk vilje til å endre struktur og stort overforbruk. Vi tek for eksempel opp meir olje enn kva jorda toler. Der har ikkje regjeringa vist endring.

Uaktuelt med olje- og gasseksport

Therese Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom skriv at dei ser fram til ei ambisiøs klimamelding. Ho ber òg Noreg hugse på at Parisavtalen ikkje berre ber om nasjonale klimamål, men òg at alle land skal snu pengestraumane til ein fornybar omstilling.

– Då er det uaktuelt at Noreg skal ha ein plan om å fortsette med høg eksport av olje og gass, som gjer det vanskelegare for Europa å nå målet om å bli fossilfri.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Liten forståing om økonomisk auke

Skarrud i Spire er kritisk til det ho opplever er lita forståing frå Sanner og Ropstad om at  Noreg ikkje berre kan belage seg på teknologiutvikling og fortsatt økonomisk auke.

– Verdas rikaste land kan ikkje bruke opp meir av verdas stadig minskande ressursgrunnlag for å sikre seg auka vekst, skriv ho.

Spire har fleire konkrete forslag til korleis Noreg skal nå klimamåla sine, som ikkje går på kostnad av naturmangfald og ressursgrunnlag. Dei meiner at forslaga òg legg opp til  utjamne sosiale ulikskapar.

Eit av forslaga frå Spire går på at Noreg må ta i bruk politiske verkemiddel for å gjere landbruket til ei klimaløysning, samtidig som biologisk mangfald, matsikkerheit, kulturlandskap og kulturarv blir ivaretatt. Dei vil òg auke sjølvforsyninga og at vi klimatilpassar oss.

Eit anna forslag går på at byområde må bli grønare og legge opp til meir urbant landbruk. Dette meiner dei er nødvendig då den urbane utviklinga må skje med medverknad frå folket, og at den må ivareta miljø og natur i større grad enn den gjer i dag.

Collage av framtida. Bakgrunnsfoto: Michael Longmire/Unsplash. Foto av Ulstein: Sturlason/regjeringa