«Me må slutte å snakke og begynne å handle»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Først skrudde regjeringa opp klimamåla, så vart det utløyst eit folkeopprør mot klimahysteri, som igjen utløyste eit folkeopprør mot folkeopprøret. Ja, klimasaka engasjerer. Men me treng eit samfunnsbilete bygd på sanning, og handling.

Ei undersøking frå 2019 viser at Noreg er på toppen blant klimafornektande land – berre slått av USA og Saudi-Arabia. I undersøkinga kjem det fram at omkring 10 % av Noregs befolkning er klimafornektarar. Ja. Eg brukte det ordet. Fornektarar. For det er nett det dei er. Det er folk som tuklar med grafar og vrir og vendar om sanninga for å høyre nett det dei vil høyre.

Når det kjem til klimadebatten treng me eit samfunnsbilete bygd på sanning

I Politisk kvarter fredag 21.mars møtte Knut Amundsen klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) for å diskutere Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot klimahysteriet», som Amundsen er grunnleggaren av. I skrivande stund har gruppa over 120 000 medlemar og er oppretta som ein reaksjon på at Rotevatn for to veker sidan varsla om at Noreg skrur opp klimamåla sine.

I debatten påstår Amundsen at norske politikarar har «fullstendig mista bakkekontakten» når det gjeld miljø- og klimadebatten. Vidare hevdar han at klimaendringane er naturlege, og lovar eit kraftig oppgjer mot klimahysteriet både no, men særleg framover mot valet i 2021.

På dette responderer Rotevatn med at han «ikkje har tid til å diskutere kor vidt jorda er flat eller ikkje» og peiker på at det er inkje vitskapleg grunnlag som seier noko anna enn at klimaendringane er menneskeskapte. Dette er igjen eit bevis på at Amundsen, og klimaskeptikarane elles, sin argumentasjon er bygd på rein retorikk framfor kunnskap.

Når FN går ut og seier at klimakrisa er ein av dei mest alvorlege krisene verda står ovanfor i dag er det grunn til at varsellampane bør lyse. Klimakrisa er ein realitet, den er alvorleg og den skjer no. Kor mange gongar treng me å høyre det før me tek det inn over oss?

Slik situasjonen er i dag er effektane av klimaendringane allereie synlege på omgivnadane rundt oss. I korte trekk aukar temperaturane, havet stig og blir stadig surare, vasstilgangen minkar, skogar brenn, korallrev døyr, isen smeltar, det blir variert nedbør og hyppigare ekstremvêr. Verda rundt oss døyr og me i eit av verdas mest privilegerte land, med mest ressursar til å faktisk gjere ei endring, brukar tid på å diskutere i kva grad vedtatt sanning er reell eller ikkje.

Varsellampane bør lyse

At folkelege meiningar som Amundsen representerer, får så stor definisjonsmakt i mediabiletet er urovekkande. Dette er særleg i kontrast til miljøorganisasjonar og andre som jobbar med tematikken kvar einaste dag ikkje i nærleiken får same merksemd.

Media har ei viktig rolle, som igjen er med på å påverke verdsbiletet til borgarane. At media løftar fram avvik, som igjen har konsekvensen av å normalisere det «unormale» er i og for seg bra. Men i eit tilfelle som dette er det ikkje eit døme på avvik, det er å løfte fram kunnskapsløyse, som igjen er eit døme på dårleg journalistikk. Eg seier ikkje at me skal innskrenke ytringsfridomen, men når forsking er så tydelig på både årsaka og konsekvensane av global oppvarming, er det liten grunn til å betvile den.

Det er rett og slett bortkasta tid: Me må slutte å snakke og begynne å handle for i det heile tatt vera i nærleiken av å nå måla i Parisavtalen.

Me har ikkje tid til denne type debattar

Når det kjem til klimadebatten treng me eit samfunnsbilete bygd på sanning. Når verdas leiande klimaforskarar er einige om at klimaendringane er menneskeskapte burde det ikkje vera noko meir å diskutere. Me har ikkje tid til denne type debattar. Me må diskutere korleis me skal løyse problemet, ikkje om me i det heile tatt har eit problem. Menneskeskapte klimaendringar sluttar ikkje å eksistere dersom ein melder seg inn i ei Facebook-gruppe.

Me er sikre på at klimaendringane er skapt av menneske, og me er sikre på at menneske har moglegheit for å stanse dei. Klimaendringane kan stoppast, men ifølge FN sitt klimapanel krev det kjappe, systematiske endringar i alle delar av samfunnet. Med andre ord inneber det at me må vere villige til å gjere store endringar på både strukturelt og individuelt nivå.

Det er ikkje tid til meir snikksnakk. Det er behov for klimahandling no.

– Eg føler veldig mykje på det å ikkje vere heilt integrert i nokon kultur, seier klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28), som vert inspirert av sin samiske bakgrunn.