«Å ta lappen skal ikkje vere eit rikmannsprivilegium»
Førarkortopplæringa burde bli forenkla slik at vi kan å få ned kostnadane for folk flest, skriv FpUar Rikke Louise Pedersen.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Noreg er eit av dei dyraste landa i verda å ta førarkort i. Det kan koste enkeltmenneske heilt opp til 50 000 kroner.
Ser vi til andre land i Europa er kostnadane mykje lågare. I mellom anna Sverige, Finland og Storbritannia er kostnadane godt under halvparten av kva dei er i Noreg.
Langstrekt land
Noreg er eit langstrekt land. Sjølv kjem eg frå Troms fylke, og kan skrive under på at kollektivtilbodet rundt om i fylket ikkje er noko å skryte av.
Troms er langt frå det einaste fylket kor folk blir avhengig bilen.
Sanninga er nemleg slik at ein stor andel av den norske befolkninga er fullstendig avhengig av å køyre bil i kvardagen, og å skaffe seg førarkort blir dermed ei nødvendigheit.

Det er typisk Noreg at ting skal vere så mykje dyrare her

Det er derfor skammeleg at det skal koste så mykje meir å ta lappen i Noreg samanlikna med våre naboland.
Det er typisk Noreg at ting skal vere så mykje dyrare her enn det er i andre land vi kan samanlikne oss med. Det nektar eg å akseptere.
Enklare opplæring
Førarkortopplæringa burde bli forenkla slik at vi kan å få ned kostnadane for folk flest.
Ein start er å tilby teoridelen av førarkortet som valfag i vidaregåande skule.
I tillegg vil det vere hensiktsmessig med eit prøveprosjekt kor køyreopplæring med automatgir gir avgrensa opplæring med manuelt gir. Slik kan vi gi førarkort for begge girtypar. Vi burde også sjå på moglegheitene for å greie ut oppkøyring hos køyreskular.
Å ta lappen skal ikkje vere eit rikmannsprivilegium.
Framstegspartiet har alltid vore for å gjere kvardagen for folk flest enklare og betre. Derfor seier vi det er på tide å gjere førarkort billigare.