«Kan eit lite stykke Noreg løysa klimakrisa?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ordens skuld: Skribent Runar B. Mæland var tidlegare aktiv i Unge Venstre og kjenner Sveinung Rotevatn derifrå.

Fredag troppa Sveinung Rotevatn (V) på som klima- og miljøminister i ei ny, Frp-fri sentrum-høgre-regjering. Oppgåva hans er enkel: Å få ned klimagassutsleppa og stansa naturtapet. Og han har dårlegare tid på seg enn nokon tidlegare minister i rolla.

Det krev raske og radikale omveltingar, som nødvendigvis vil ha vinnarar og taparar. Men samstundes må dei gjennomførast på ein måte som blir opplevd som mest mogleg legitim og rettvis. Elles kan polarisering og politikarforakt føra til sterke tilbakeslag.

Til dette trengst det nye idear. Ein stad å starta kan vera å sjå til noko som skjedde i Storbritannia dagen etter at Rotevatn fekk nøklane til Klima- og miljødepartementet.

Sveinung Rotevatn (V) tok over som klima- og miljøminister etter Ola Elvestuen (V). Foto: Venstre/Flickr/CC BY-SA 2.0

Demokratisk eksperiment

Laurdag hadde nemleg den britiske borgarforsamlinga for klima sitt første møte. Over 100 vanlege britar var samla for å diskutera vegen mot eit utsleppsfritt samfunn.

Dét i seg sjølv er ikkje så spesielt. Det spesielle er måten dei var valt ut på.

I oktober 2019 sende den britiske regjeringa ut 30 000 brev til adresser plukka ut tilfeldig frå folkeregisteret. Av dei som svarte at dei kunne og ville delta i det demokratiske eksperimentet, vart 110 deltakarar plukka med mål om ei mest mogleg representativ fordeling basert på alder, kjønn, geografi, bakgrunn og haldningar til klima. Ingen aktive politikarar fekk lov til å delta.

Slik ville regjeringa skapa eit «mini-Storbritannia». I løpet av fire helger mellom januar og mars skal dei lytta til faglege innspel frå forskarar og ekspertar, og diskutera seg fram til ei liste med råd for korleis omstillinga av samfunnet kan bli både økologisk og sosialt berekraftig.

«Diskutera seg fram til» er viktig. Poenget er nettopp ikkje at dei berre skal gi uttrykk for kva dei meiner frå før, men at dei skal lytta til og læra av kvarandre og den siste oppdaterte forskinga. Slike diskusjonar er nesten umoglege å få til på Stortinget og i regjeringa, fordi partia har sine fastlagde standpunkt som dei ikkje kan endra utan å bryta kontrakten med veljarane.

Håpet er at råda som kjem ut av eksperimentet kan verka samlande og vinna tillit, nettopp fordi dei ikkje er lanserte av profesjonelle politikarar – ei samfunnsgruppe som har fjerna seg meir og meir frå «folk flest» – men frå eit representativt utval av vanlege folk. Slik kan regjeringa skaffa seg ryggdekning for å gjennomføra tiltak som elles ville vore upopulære.

(Idealet bak borgarforsamlinga blir òg kalla deliberativt demokrati. Eg har skrive meir om det her.)

Motstridande interesser

Fleire land har dei siste åra tatt i bruk liknande metodar for å fornya folkestyret. Det kanskje mest kjende dømet er Irland, som sette ned ei borgarforsamling i forkant av folkerøystingane om endringar i grunnlova i 2018. Der fekk borgarforsamlinga sin del av æra for at eit stort fleirtal i folket slutta seg til forslaget om å tillata abort – eit spørsmål som tradisjonelt har splitta det irske folket.

Nær 9 av 10 unge under 25 år stemte for sjølvbestemt abort i Irland. Foto: William Murphy, CC BY-SA 2.0-lisens

Også klimakampen møtest motstridande interesser og verdiar. Kantar sitt Klimabarometer 2019 viste at klimaengasjementet er ulikt fordelt i det norske folket:

Om lag halvparten ser klimaendringane som den største utfordringa vår i Noreg, og bekymringa er størst blant kvinner, folk under 45, folk på venstresida og folk busett i Oslo/Akershus. Seks av ti meiner regjeringa gjer altfor lite for å redusera utsleppa, men nesten like mange meiner me framleis bør leita etter olje og gass i same grad som i dag.

Denne og andre undersøkingar tyder på at det finst ein etterspurnad blant folk etter ein meir kraftfull klima- og miljøpolitikk. Men korleis denne skal utformast, er ikkje openbert. Her kan altså folket sjølve takast med på råd.

Ei hand til klimarebellane

Ideen om ei borgarforsamling er heller ikkje ny i den norske klimadebatten. Faktisk er det eit av hovudkrava til Extinction Rebellion Norway, aksjonistgruppa som i 2019 blant anna protesterte under ein debatt i Stortinget og blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet.

I uttrykksform representerer Extinction Rebellion det mest ekstreme i den norske miljørørsla. Krava deira er likevel verd å lytta til: Styresmaktene må fortelja sanninga om klima- og miljøkrisa; dei må handla no for å motverka krisa; og dei må gjera dette på ein rettferdig og demokratisk måte ved å «etablere og lytte til avgjørelsene fra et representativt borgerråd».

Extinction Rebellion i aksjon i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Å strekka ut ei hand og koma desse urokråkene i møte sit kanskje langt inne for ein statsråd som har opplevd at arbeidsstaden hans har blitt blokkert av miljøaktivistar. Men viss britane sin konservative statsminister Boris Johnson kan, så kan Sveinung Rotevatn òg.

For regjeringa er timinga god. Snart legg Miljødirektoratet fram rapporten «Klimakur 2030», ein omfattande meny med moglege tiltak og verkemiddel som kan bidra til å nå klimamåla. Basert på denne skal regjeringa seinare i år legga fram sin klimaplan, og melda inn oppdaterte klimamål til FN.

Mellom der finst ei luke for innspel, idear og demokratisk forankring. Den bør regjeringa nytta godt.

Therese Hugstmyr Woie, Hege Skarrud og Embla Regine Mathisen er alle spente på kva Klimakur 2030 vil innehalde. Foto: Natur og Ungdom/Spire/Changemaker