Krev at staten betalar for mensen
Skuleelevar og studentar må få gratis bind- og tampongar, meiner AUF i Nordland.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
AUF i Nordland går einstemmig inn for at staten skal gi stønad til kvinnelege skuleelevar i vidaregåande skule, samt studentar, ifølgje Nrk.no.
– Jenter har konstante utgifter til hygieneartiklar, som bind, tampongar og meir. Dette er krevjande økonomisk for mange, særleg studentar og skuleelevar, seier Viktoria Linea Høybakk i AUF til Nrk.no.
LES OGSÅ: Svensk barne-tv hyllar mensen
Også i USA har dette vore ein debatt i seinare tid. Der har somme teke til motmæle mot at hygieneartiklar som bind og tampongar vert skattlagt som luksusartiklar i 40 statar.
Då YouTube-bloggaren Ingrid Nilsen intervjua president Obama i Det kvite hus, synte det seg at presidenten ikkje var klar over at kvinner må betale skatt på bind og tampongar.
Sjå intervjuet i videoen under.