Tenåringar vil ha dei same jobbane no som før: – Vi tek frå foreldra våre

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 30.01.2024 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo Spektrum er full av hormonar og standar onsdag 12. februar.

Tenåringar frå Oslo og omegn har reist til utdanningsmesse i arenaen, og høgskular og universitet i Noreg og frå utland har sendt representantar for å svare på spørsmål frå tenåringane.

Ida Marina Gilboe, Tuva Godnes Iversen og Carina Sogn Stave har teke turen til messa saman. Ida Marina tenker å ta eit år på folkehøgskule etter vidaregåande, medan Tuva og Carina har aspirasjonar om å bli dansarar.

Foreldre er inspirasjon

– Eg trur vi tek frå foreldra våre. Dei blir som ein inspirasjon for kva vi vil bli. Mine foreldre er rektor og lærar, då eg var yngre var det det eg ville bli, seier Tuva Godnes Iversen.

Dei tre jentene fekk moglegheit til å gjette kva yrke som er dei mest populære yrka blant tenåringar. Jobbar innan idrett, helsevesen og skule var dei tre første dei kom på.

Utdanningsmessa i Oslo Spektrum lokka til seg nysgjerrige tenåringar for å finne ut av studiemoglegheiter. Foto: Peder Skjelten

– Eg veit om fleire som vil bli lærarar, og mange interesserer seg for matematikk og realfag, seier Ida Marina.

– Eg veit om nokre som vil jobbe spesifikt innan FN, seier Carina.

Ikkje langt unna jentene står BI med sin stand. Carina legg merke til logoen og fortel at det er mange på hennar alder som ønsker å studere der.

– Men eg veit ikkje kva dei ønsker å bli, seier ho.

Status quo i 18 år

Det digitale tek ein større del av kvardagane våre no enn for berre 20 år sidan. Likevel er ikkje nokon nye yrke frå dei siste 20 åra som blir spådde ei lys framtid, som programvareutviklar, blant dei ti mest populære yrka hos tenåringar.

Tenåringar frå 41 land, inkludert Noreg, har deltatt i studien Programme for International Student Assessment (PISA), utført av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

I studien samanliknar dei kva yrke tenåringsjenter- og gutar gir som dei mest ønskelege i 2000 og 2018.

Dei ti mest populære yrka hos tenåringsjenter i 2000 og 2018. Tabell: OECD/PISA

Hos jentene var det nokre få nye yrke på lista i 2018, som politi, arkitekt og designar. Yrka som gjekk ut var frisør, journalist og sekretær.

Hos gutane var det alle dei same yrka i 2018 som i 2000.

Populær politi

Politiyrket har auka i populæritet blant tenåringar i undersøkina. Yrket var nedst på lista for gutar i 2000 og har gått opp til nummer sju i 2018.

Dei ti mest populære yrka hos tenåringsgutar i 2000 og 2018. Tabell: OECD/PISA

Geir Engebretsen står ved Politihøgskulen sin stand ved utdanningsmessa. Dette var ein av dei mest trafikkerte standane på messa, då det til ein kvar tid var tenåringar innom for å spørje om studiet ved politihøgskulen.

– Vi er framleis populære, men vi konkurrerer om dei same studentane som høgskulane og universiteta. Dei to siste åra har vi hatt synkande søkjartal, men vi er høgt oppe på prioriteringslistene, seier Geir Engebretsen.

Han meinar negative medieoppslag knytt til vanskar med å få seg jobb har vore grunnen til at søkjartala har sokke, men trekker fram at utdanninga frå Politihøgskulen er ei grunnutdanning, og kan brukast til å ta ein master vidare eller til å jobbe med politiet frå utsida.

Sjølv om søkjartala til Politihøgskulen er synkande er det framleis stor interesse for å bli politi, seier Geir Engebregtsen. Foto: Peder Skjelten

Det er ingen yrke frå det 21. hundreåret på nokon av listene over populære yrke for tenåringar. Med unntak av IKT-spesialist, som er eit yrke som har eksistert sidan 1980-talet, har alle yrka eksistert sidan 1800-talet.

Engebretsen er ikkje overraska over at det ikkje er nye yrke med fokus på digitale jobbar på lista. Han seier at alle yrke har tilpassa seg og blitt digitale.

– For eksempel mobbing skjer på nett, og vi har eigne digitalspesialistar som jobbar med det. Å jobbe digitalt er òg noko som det blir satsa meir på framover.

Allsidig og allvendeleg

NTNU, med campus i Trondheim, Gjøvik og Ålesund, var òg til stades på messa. Dei tilbyr utdanning innan fleire av yrka som er dei mest populære blant tenåringar, som ingeniør, sjukepeleiar, psykolog, lærar, arkitekt og lege.

– Alle kjem til oss, både dei som er usikre og dei som veit nøyaktig kva dei skal studere, seier Brage Lauten.

Han har reist rundt i landet på liknande messer for å informere framtidige studentar om utdanning ved NTNU.

Brage Lauten trur status har mykje å seie for kva yrke som er populære hos tenåringar. Foto: Peder Skjelten

– Det går gamle rykter som seier at NTNU berre er naturvitskapleg, men det er mykje meir. Spesielt søkjarar på sjukepleie har skote i vêret – no er opptakskravet der på 5,5.

Han fortel at dei fleste som er innom standen vil vite om studiemiljøet ved NTNU. Det er òg fleire som vil ha stadfesting på at dei passar til det dei er interesserte i å studere, og om det er vanskeleg å få plass å bu.

– Kva trur du det har seg at akkurat desse yrka er dei mest populære blant tenåringar?

– Det har nok mykje med status å gjere. Likevel ser eg at dei  fleste av yrka er anvendelege, at ein kan bli mykje forskjellig ved å studere det, avsluttar Brage Lauten frå NTNU.

 

– Av og til kan det vera utfordrande å vurdere om vi treng å bedøve eit dyr for å undersøkje det, fortel Rolf-Arne Ølberg. Foto: Dyreparken