Yrket mitt: Ane (28) er journalist

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

28 år gamle Ane Muladal er journalist i Dagbladet. I vår har ho vore aktuell med Innafor-dokumentaren «Min onkel – torpedoen» der ho møter onkelen sin for første gong. Han sit i fengsel for torpedoverksemd, og Ane vil betre forstå kven han er.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Fordi eg alltid har vore nysgjerrig på det som rører seg i samfunnet vårt, spesielt det som ikkje er synleg for det blotte auge.

– Svarte det til forventningane?

Absolutt!

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Det er eit av dei vanskelegaste spørsmåla eg får som journalist fordi ingen dagar er like. Men mykje av tida mi går med til å setje seg inn i fagområde eg ikkje har kunnskap om frå før, prate med folk som kan gje verdifull informasjon og finne saker om tema som ikkje tidlegare har vore kjent.

I ein Innafor-dokumentar vert Ane betre kjent med onkelen sin, som sit i fengsel. Foto: Skjermdump frå NRK.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Til ei viss grad. Utdanninga var relevant fordi eg lærte meg dei etiske reglane om prinsippa i journalistikken. Det får eg bruk for kvar dag. Den største læringa skjedde likevel etter at eg begynte å jobbe. Det var då eg fekk sett den teoretiske kunnskapen ut i livet.

– Kva er det beste med jobben?

At eg lærer noko nytt kvar dag og får jobbe med tema som betyr noko for folk. Det er også veldig spennande å møte menneske som er heilt annleis frå meg sjølv og som eg elles aldri ville treft på.

– Kva er det mest utfordrande?

Å formidle kompliserte saker og fagområde på ein lettfatteleg måte.

Krava i arbeidslivet er strengare enn på skulen, og alt går raskare.

– Kven passar yrket for?

Den nysgjerrige! I tillegg trur eg det er viktig å ha pågangsmot, vere sjølvstendig og uredd i nye situasjonar. Du bør også vere glad i høgt tempo og i å jobbe mykje. Krava i arbeidslivet er strengare enn på skulen, og alt går raskare.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Søk jobb i lokalavisa eller ved eit distriktskontor. Det gjorde aldri eg, og det angrar eg på. All trening er god trening! Ver også førebudd på eit par nederlag i jobbsøkjarfasen, men ikkje gje opp. Det løyser seg for flinke og arbeidsame folk!

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Truleg då eg blei lugga av ein eks-torpedo på eit treningsstudio i Oslo. (For ordens skuld: Det var heilt ufarleg.)

Fakta

Namn: Ane Muladal

Alder: 28 år

Frå: Oslo

Yrke: Journalist

Utdanning: Bachelorgrad i journalistikk. Bachelorgrad i administrasjon og leiing. Enkeltemner i psykologi.