Jon (24) fekk jobb før han var ferdig utdanna. Her er hans jobbsøkjartips

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Spiss søknaden i forhold til kva som står i stillingsutlysninga og prøv å sjå om du kan spegla deg i bedrifta sine verdiar. Det er ganske viktig, for om du ikkje kan spegla deg i det, så vil eg tru at det ikkje er ein arbeidsplass du vil jobba i over tid.
Til våren er Jon Haugvaldstad Vik (24) ferdig utdanna sivilingeniør i bygg- og konstruksjonsteknikk, men allereie no har han fått fast jobb i AF Anlegg.
Studenten frå Randaberg vann først gratis bustad i eitt år gjennom rekrutteringstiltaket AF-kollektivet, der AF Gruppen tilbyr seks ingeniørtalent gratis bustad i eitt år.
Deretter fekk han sommarjobb i bedrifta og har delteke på fagleg innhald i regi av dei, difor var han ikkje i tvil om at han ville søkje jobb der.
Han har følgjande tips til unge jobbsøkjarar:
- Presenter deg sjølv som den du er, ikkje prøv å framstå som noko du ikkje er.
- Vis at du er engasjert i det du søkjer på. Fleire arbeidsgjevarar ser meir på dette med engasjement enn karakterar.
- På intervju: Ikkje overtenk situasjonen
- Ver litt sosial, litt utadvent og kanskje ikkje for høg på seg sjølv.

Rekrutteringssjef i AF Gruppen, Annette Strøn, er nøgd med merksemda AF-kollektivet har fått. Foto: AF Gruppen
Rekrutteringsansvarleg: – Dei etiske verdiane på plass
Rekrutteringsansvarleg i AF Gruppen Annette Strøno var ikkje sjølv med å tilsetja Jon Haugvaldstad Vik, men har lagt merke til han i arbeidet med AF-kollektivet.
– Han er fagleg sterk og har bidrege godt inn i gruppa både fagleg og sosialt. Han er ein lun og fin fyr med sterk integritet. Han er stabil, har dei etiske verdiane på plass og er oppteken av å gjere eit godt stykke arbeid.
Les meir om det uvanlege kollektivet her: – Det kjem berre til å bli meir og meir fight om ingeniørane