Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie under studietida ved NTNU i Trondheim gjorde John Haddal Mork og ei gruppe medstudentar seg bemerka. Med Rallar Arkiteker fekk dei omtale i fagtidsskriftet Arkitektur N for praksisprosjektet Torgstova i Rjukan.

– Me tek oppdrag som ikkje passar for profesjonelle arkitektar, men som er perfekte for oss studentar. Ein kan nesten ikkje byrje med operaen, det hadde vorte for stort og skummelt, sa Haddal Mork til Framtida.no i 2014.

Allereie under studiene fekk Rallar Arkitekter merksemd for trekonstruksjonen Rjukan Torgstove. Foto: Per Berntsen/Rallar Arkitekter

Populær og tidkrevjande utdanning

Arkitektutdanninga ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo er i år på sjuande plass blant dei mest populære studia med heile 984 førsteveljarar til 60 studieplassar, viser tal frå Samordna Opptak.

Arkitektstudentar er også dei som bruker aller mest tid på studia. Tal frå Studiebarometeret viser at arkitektstudentar i snitt bruker 43,6 timar i veka på studiene. Det er meir enn ei normal norsk arbeidsveke på 37,5 timar og heile 9 timar meir enn gjennomsnittstudenten.

Er du kreativ og nysgjerrig? Kanskje fotograf er yrket for deg?

Trekonstruksjonen Piren i Trondheim strekk seg 12 meter ut over Nidelva og er ein del av eit større prosjekt for å aktivisere byrommet. Foto: Sophie Labonnote/Rallar Arkitekter

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Eg elskar prosjekt. Å forstå utfordringane, formgi ei løysing, planlegge eit byggverk og til slutt bygge eit prosjekt.

– Svarte det til forventningane?

Jah!

Men me har litt flaks. Då me har starta eige kontor, har me fridom til å forme vår eigen kvardag.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Dei kjekke dagane går i å utvikle prosjekta me held på med. Ved hjelp av teikning og modellbygging, men aller mest 3D-modellering på PC-en. I tillegg handlar god arkitektur om mykje meir enn berre teikning. Til dømes er ein god dialog med oppdragsgivarar, kommune og andre samarbeidspartnarar viktig for å få til eit godt resultat alle er nøgde med.

– I tillegg har me noko me kallar dessertdagane. Det er dei dagane me er ute på byggeplass og bygger våre eigne prosjekt. Det er dei aller kjekkaste me veit.

Denne einebustaden i Fjaler er lagt til eit utfordrande terreng. Teikningane vart sendt over til oppdragsgjevaren i slutten av 2018 Illustrasjon: Rallar Arkitekter

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Tja! Mykje er annleis, men heldigvis hadde me mykje fridom hjå NTNU. Me fekk utforme vår eiga utdanning ved å lage eigne prosjekt. Slik sett følte me oss relativt budde, men det kjennest heldigvis ikkje ut som at me er ferdig utdanna enda.

Samfunnsengasjert? Yngstemann på Stortinget Freddy André Øvstegård fortel om kvardagen sin her!

– Kva er det beste med jobben?

Å sjå at folk brukar og likar det som me har bygd.

(Bildet av meg og Anders er frå eit slikt augneblink. Bildet er frå opninga av Vasshoppet. #denkjensla)

Rallar Arkitekter utmerkar seg med nynorsk i sosiale medium. Her kan du sjå Vasshoppet i bruk: 

– Kva er det mest utfordrande?

Å ta seg betalt. Definitivt. Frå å vere “gratis” i studenttida til å plutselig skulle krevje pengar for noko som er so kjekt er definitivt det mest utfordrande.

– Kven passar yrket for?

Det er ein myte at ein må vere frykteleg god i matte og må kunne teikne før ein byrjar på studiet. Eg trur ein må like å formgi omgivnadane. I byplannivå, eller heilt ned til det små.

Eit tverrsnitt av Rallar Arkitekter sitt bidrag til konkurransen om å utforma den norske bokpavilijongen ved bokmessa i Frankfurt. Forslaget er utforma i samarbeid med Sebastian Østlie og er i ekte rallarånd inspirert av norsk skog. Illustrasjon: Rallar Arkitekter

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Prøv! Vegen er målet. Og finn din eigen veg. Arkitektur er eit breidt emne, og sjølv om arkitektar skal ha generell kompetanse, er det også fint å ha eit spesialfelt.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Det fyrste prosjektet vårt. Eit lite naust for tanta mi. Då tok me med oss 20 medstudentar heim til familien og heimstaden min Haddal. I to veker stod på me på og bygde prosjektet som me hadde brukt eit halvt år på å teikne. Det var ei heilt, heilt utruleg kjensle å kunne fyrst byggje, og so gå inn i eit rom ein har teikna sjølv. To veker eg aldri vil gløyme.

Her kan du lesa om fleire spanande yrker!

Dette naustet på heimtomta til tanta til John Haddal Mork på i Haddal i Ulsteinvik var det første Rallar Arkitekter gjorde. Foto: Maya Laitinen/Rallar Arkitekter

John Haddal Mork

Alder: 29.4

Frå: Haddal, Ulstein

Yrke: Arkitekt i Rallar Arkitekter

Utdanning: Arkitektur ved NTNU i Trondheim