Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politiet skal spegle att samfunnet og har behov for folk med fleire typar bakgrunn, skriv Nadia Kråkenes i ein e-post til Framtida.no.

Sjølv er 30-åringen utdanna politibetjent, og arbeider for tida som etterforskar.

For å verte politi lyt ein søkje opptak hjå Politihøgskulen, på ein av deira studiestadar i Bodø, Stavern eller i Oslo.

Dei siste åra har det totale søkjartalet til Politihøgskolen sokke, samstundes som delen kvinner som søkjer for å verte politi stig. I år var over halvparten av alle søkjarane med ambisjon om å ikle seg politiuniformen kvinner.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Fordi eg syntest det verka spennande, og fordi ein har mange mogelegheiter innanfor politiet.

– Svarte det til forventningane?

Absolutt.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Kvar dag startar vi med ei felles parole med gjennomgang av siste døgns hendingar. Ofte tek eg eitt eller fleire avhøyr i løpet av ein dag. Utover det er det stor variasjon i arbeidsoppgåver og typer saker eg jobbar med.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Politiutdanninga er treårig, med to år på skule og eitt praksisår. Praksisåret er det andre studieåret. Eg synest utdanninga var relevant og god, og følte absolutt at den gjorde meg godt førebudd til utfordringane vi møter på i yrket vårt.

Arbeidskvardagen til Nadia Kråkenes er variert. Foto: Privat

– Kva er det beste med jobben?

Å føle at ein gjer ein viktig og meiningsfull jobb.

– Kva er det mest utfordrande?

Dødsulukker eller andre alvorlege oppdrag kor barn er involverte.

– Kven passar yrket for?

Omgjengelege personar som likar å jobbe med menneske og som har gode haldningar og verdiar. Du bør også kunne arbeide under stress og ta ansvar og leiing.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Eg lærte mykje om meg sjølv i Forsvaret og vaks veldig på det. Bortsett frå det meiner eg at jobberfaring og utdanning som har med menneske å gjere vil vere ein fordel. Politiet skal forøvrig spegle att samfunnet og har behov for folk med fleire typar bakgrunn.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Vi opplever mange ting som er utanom det vanlege og det er vanskeleg å plukke ut enkelthendingar.

 

Her er Martin Ernstmann i gang med silketrykk under masterstudiene. Foto: Privat

Nadia Kråkenes

Alder: 30 år

Yrke: Politi (for tida etterforskar)

Utdanning: Forsvarets tekniske befalsskule, Politihøgskulen

Frå: Oslo