Auka valdeltaking, auka tiltru til demokratiet og fleire unge politikarar – og kanskje litt meir uføreseielegheit, skal me tru forskarar på området.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har vist at unge er engasjerte i eiga framtid, særleg med klimademonstrasjonane som har fått fleire titals tusen barn og unge til å streika for klimaet.

Mange av dei har mellom anna med plakatar som speler på at dei er for unge til å stemme, og at dei ber dei vaksne om å stemme for deira framtid.

Frå klimastreiken august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall.

Valdeltakinga går opp med senka stemmerettsalder

Johannes Bergh er leiar for valforskingsprogrammet ved Institutt for samfunnsforskning, og har no vore med å skriva boka Lowering the Voting Age to 16: Learning from Real Experiences Worldwide.

Johannes Bergh, leiar for valgforskningsprogrammet, Institutt for samfunnsforskning.

Ved å samla ulike internasjonale studiar, har dei sett på korleis senka stemmerett slår ut i andre land. Mellom anna ser dei at valdeltakinga går opp i landa der ein har fått stemmerett for 16-åringar.

– Samanlikna med dei som fekk stemmerett det året dei fylte 18 år, er valdeltakinga 5–6 prosentpoeng høgare ved seinare val blant dei som fekk stemme som 16-åringar, skriv Bergh i ein artikkel hos Aftenposten. 

Det vil seie at dersom valdeltakinga til dømes er på 60 prosent blant dei som fekk stemmerett som 18-åringar, er den 65–66 prosent blant dei som fekk stemme som 16- eller 17-åringar.

Dei såg også at unge hoppar litt meir fram og tilbake mellom partia, noko som har ført til ei auke i velgarbevegelsane i dei landa som har senka stemmerettsalderen.

Ikkje vidareført prøveprosjekt

I lokalvala 2011 og 2015 vart det i Noreg gjennomført prøveprosjekt med stemmerett for 16-åringar i 20 utvalde norske kommunar.

Konklusjonen frå regjeringa etter prøveprosjektet, var å ikkje innføra stemmerett for 16-åringar.

Men kva viser eigentleg forskinga om konsekvensane av å senka stemmerettsalderen?

Bør Noreg innføre stemmerett for 16-åringar?

Bør Noreg innføre stemmerett for 16-åringar?

Ja! 19
Nei. 15
Veit ikkje, eigentleg.5
Berre ved lokalval. 7
Svar totalt: 46

Fleire unge politikarar vart valde inn

Ved Institutt for samfunnsforskning har dei forska på forsøka med stemmerett for 16-åringar.

Eit av hovudfunna var at unge i større grad stemmer inn unge politikarar, og talet på unge politikarar auka i kommunestyra som ei følgje av dette.

Dei såg også at 16- og 17-åringane hadde høgare valdeltaking, enn dei unge over 18 år.

Likevel fann dei ikkje at den senka stemmerettsalderen hadde særleg innvirking på kor mykje politisk interesse og kompetanse dei unge hadde.

I konklusjonen skriv dei:

«Det generelle bildet er at en eventuell senkning av stemmerettsalderen vil få små konsekvenser for det norske demokratiet. De som frykter negative konsekvenser av å gi så unge personer stemmerett, har ikke så mye å frykte, mens de som håper på positive endringer, godt kan dempe sine ­forhåpninger.»

Politisk usemje i Noreg

I Noreg er det framleis stor politisk usemje om ein vil innføra stemmerett for 16-åringar.

Venstre, SV, Raudt, MDG har programfesta at dei ynskjer stemmerett for 16-åringar, medan Frp, Høgre, Sp og KrF seier nei til dette. Arbeidarpartiet vil halda fram forsøksordninga ved lokalval.

– Eg trur unge endrar seg, men også lyttar til argument, som kan vere positivt, men eg meiner ein bør kunne bestemme over seg sjølv når ein skal vere med å stemma for andre, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H) til NRK.

Eit argument for er at fleire får delta i demokratiet. Eit argument imot er at dei som skal stemme, også bør kunne stille til val sjølv, noko ein ikkje kan om ein er under 18 år i dag.

I verda varierer stemmerettsalderen frå 16-25 år i dei ulike landa. I Europa har Austerrike og Malta senka stemmerettsalderen til 16 år ved alle val, og det same har også Brasil, Ecuador, Cuba, Nicaragua og Argentina gjort.

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon. Foto: Eirik Helland via Urkeappworks2010/Wikimedia Commons/CC BY 2.0