16-åringar får ikkje lenger stemme

– Djupt skuffa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prøveordninga med stemmerett for 16- og 17-åringar blir ikkje vidareført. Det går fram av kommuneproposisjonen for 2018. 

Som ei forsøksordning har 16- og 17-åringar fått stemme i 20 kommunar ved dei to siste lokalvala. No er ordninga evaluert, og regjeringa meiner det ikkje er grunnlag for å fortsette.

Nedsett stemmerettsalder har rett nok ført til at fleire unge er blitt valt inn, men i befolkninga er det ikkje stor støtte for å la dei yngste stemme.

LES OGSÅ: Vil gi 12-åringar stemmerett

– Det tyder på at allmenta generelt er tilfredse med den eksisterande stemmerettsalderen på 18 år, heiter det i proposisjonen.

Regjeringa peikar også på at det bør vere samsvar mellom myndigalder og stemmerettsalder.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la unge få påverka

Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er djupt skuffa.

– Vi krev at Stortinget tar ansvar for at 16- og 17-åringane får stemme i lokalvalet i 2019, seier Stian Seland, styreleiar i LNU.

– Det er svært trist for demokratiet at regjeringa avbryt arbeidet med stemmerett for 16-åringar. To stemmerettsforsøk har vist oss at stemmerett for 16-åringar fungerer, og at det er på tide å sleppe til 130.000 fleire borgarar i demokratiet, seier Seland. 

Nestleiar i AUF, Ina Rangønes Libak, er også skuffa over regjeringa sitt forslag om å skrinleggje prosjektet.

– For det første har resultata vore gode, spesielt i kommunar der det har handla om kommunesamanslåing har dei unge vore nokre av dei mest aktive. Det er viktig fordi det er dei som skal bu der framover. Dessutan er det det prinsipielle i at ein set i gang ein prosess, får gode resultat og likevel vel å ikkje lytte til desse resultata, seier Libak på telefon til Framtida.no.

Ho meiner også det er viktig å prøva å inkludera fleire i demokratiet og er difor glad for at Arbeidarpartiet går til val på å utvida forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar under kommuneval.

LES OGSÅ: Forskarar tilrår stemmerett for 16-åringar

LES OGSÅ: Slutten på demokratiet?