Forskarar anbefaler stemmerett for ungdom

Å senke stemmerettsalderen til 16 år vil både styrke lokaldemokratiet og gi unge ei moglegheit til å seie meininga si. Det er konklusjonen til forskarane etter to forsøksrundar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrår stemmerett for 16-åringar

I kommunevalet i fjor deltok 20 større og mindre kommunar i eit forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar. Eit tilsvarande forsøk blei gjennomført i 2011.

No har forskarar ved Institutt for samfunnsforskning gått gjennom resultata. Konklusjonen deira er klar: Å senke alderen for stemmerett vil innebere få konsekvensar for det norske demokratiet.

Gode grunnar
– Dei som fryktar negative konsekvensar av å gi så unge personar stemmerett, har ikkje så mykje å frykte, mens dei som håpar på positive endringar, godt kan dempe forhåpningane sine, seier Johannes Bergh, som har leidd arbeidet med rapporten som blir offentleggjort måndag.

Forskarane meiner samtidig det finst gode grunnar til å gi unge stemmerett.

– Forutan å styrke kunnskapen til unge om politikk og demokrati, er det viktig å gi alle unge dei same føresetnadene til å seie meininga si og delta i lokaldemokratiet, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma, seier ungdomane på Austevoll som fekk stemmerett i fjor

Barneombodet jublar
Den konklusjonen gler barneombod Anne Lindboe.

– 16-åringane er klare for å få stemmerett ved lokalval, slår ho fast.

– Å senke stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingsval vil vere ei utviding av demokratiet og ein fin måte å skape gode vanar tidleg. Evalueringa viser at ein også sikrar ein yngre representasjon i kommunestyra. Dette er ein styrke for demokratiet, seier Lindboe og peikar på at minst 167 kommunar opna for å la 16-åringane delta i folkeavstemmingane om kommunesamanslåing.

Også Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) meiner stemmerettsalderen bør senkjast. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) bør lytte til forskarane, meiner LNU.

– Vi veit at stemmerett for 16-åringar fungerer. Her er det statsråden som står i vegen for utviding av demokratiet, seier styreleiar Stian Seland.

Les også: Helge André Njåstad (Frp) opnar i dag for nye forsøk, men er skeptisk til permanent lågare stemmerettsalder. Jan Tore Sanner vil studere dei ferske rapportane før han konkluderer.

Høg deltaking
Blant det som har overraska forskarane, er den høge valdeltakinga blant dei yngste veljarane.

– Den er overraskande høg og ligg så vidt under deltakingsnivået for alle veljarar samla, heiter det i rapporten.

Dermed vil stemmerett for 16- og 17-åringane ikkje påverke den totale valdeltakinga i nemneverdig grad. Samtidig har 16- og 17-åringane ei høgare deltaking enn veljarar mellom 19 og 25 år.

Men forsøka viser samtidig at ein 16-åring som stemte i 2011, ikkje var meir tilbøyeleg til å gå til urnene enn sine jamaldra i vala i 2013 og 2015.

– Resultata tyder derfor ikkje på at ein lågare stemmerettsalder vil ha ei positiv effekt på valdeltakinga på lengre sikt, slik mange har håpa eller ønskt, seier Bergh.

LES OGSÅ: 16 – og 17-åringar som fekk prøve å røysta, er meir positive til å senke røystealderen enn andre

Fleire unge politikarar
Eit anna funn etter forsøka med 16 års stemmerettsalder er at dei unge veljarane har valt inn fleire unge politikarar. I dei 20 forsøkskommunane blei det valt inn nesten 50 prosent fleire politikarar under 25 år enn i andre kommunar, melder NRK i dag.

Synnøve Kronen Snyen (20), som blei valt inn i kommunestyret i Oppegård som representant for SV, trur ho og andre unge politikarar er betre i stand til å tale dei unge si sak.

– Me veit korleis det er å vekse opp i kommunen, me har gått på skulane og brukt tilboda politikarane bestemmer over. Ungdom er ekspertar på det å vere ung. Difor er det kjempeviktig at ungdom er representert i politikken, seier Snyen til NRK.

LES OGSÅ: Både valdeltakinga blant unge og talet på medlemmar i ungdomspartia har auka etter 22. juli-åtaka