Andregongsveljarane dårlegast til å stemme

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens tenåringane, dei aller yngste veljarane, deltar i omtrent like stor grad som resten av befolkninga, er fråfallet stort når dei kan avleggje stemme for andre gong, melder NRK.

– Andregongsveljaren er 22–25 år gamle og er faktisk den aldersgruppa med den lågaste deltakinga, seier forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning. Ved stortingsvalet i 2013 var deltakinga i denne gruppa berre 63,5 prosent. Bergh trur livssituasjonen i tjueåra spelar ei viktig rolle.

LES OGSÅ: Unge veljarar skapte valsjokk i Storbritania

– Dei er gjerne ferdige med vidaregåande skule, mange har flytta heimanfrå og er i ein overgangsfase i livet. Det å stemme og vere politisk aktiv er nok ikkje det første ein er opptatt av.

Deltakinga har auka litt i den aktuelle gruppa, og unge kvinner stemmer i større grad enn unge menn.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

– Den forskjellen blir større for kvart val. Etter kvart som tida går, utgjer kvinner ein mykje større del av dei som stemmer, seier Bergh.

LES OGSÅ: Partia er som eit kaotisk landskap