Vil gje stemmerett til 12-åringar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den kriminelle lågalderen i Noreg er 16 år. Er ein vaksen nok til å både å verte straffa og ha samleie, er ein vaksen nok til å stemma, seier professor Frank Aarebrot på telefon til Framtida.no, og legg til:

– Etter mi meining bør alderen senkast enno meir. Når gjennomsnittleg levealder i Noreg når 100 år bør stemmeretten vere 12 år, for å oppretthalda ein juridisk balanse mellom aldersgruppene.

LES OGSÅ: Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle egoistiske bandittar 

Austerrike og Estland
Professoren ved Universitetet i Bergen er slett ikkje overraska over at Estland i går vedtok å senka stemmerettsalderen ved neste lokalval til 16 år. Dei har nemleg hatt tilsvarande forsøk som Noreg.

Etter to prøveval meiner Aarebrot at tida er moden for at Noreg senker  stemmerettsalderen ved kommune- og fylkesval i 2019 – og utvidar til stortingsval etterkvart.

Medan stemmerett for 16-åringar kjem inn under kommunelova må det ei grunnlovsendring til for å senka stemmerettsalderen ved stortingsval – noko som må opp i to ulike stortingsperiodar.

Dei fleste land i verda har i dag 18-års aldersgrense for å stemma, medan ein må vente heilt til ein er 21 år i enkelte land.

I 2007 vart Austerrike det første EU-landet som innførte stemmerett for 16-åringar. Før det hadde nokre regionar i Tyskland innført stemmerett for 16-åringar ved lokalval.

Debatten er òg oppe i land som Danmark, Sverige, Storbritannia, Sveits, Australia, New Zealand, USA og Canada.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til babyar 

– Kvifor skal dei ikkje ha stemmerett?
Her heime har mellom anna Barneombodet og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) teke til orde for å senka røystealderen.

Leiar i LNU Stian Seland  gler seg over at fleire land innfører stemmerett for ungdom og er einig med Aarebrot om at stemmerett ved valet i 2019 er neste naturlege steg i Noreg.

– Grunnane er mange, men den viktigaste for meg er at me frå forsøket i 2011 veit at dei brukar stemmeretten. I eit demokrati der nokon vert haldt utanfor er det alltid viktig å ha ein løpande debatt om kvifor. Eg meiner at spørsmålet no er: Kvifor skal dei ikkje ha stemmerett? Grunnane er ikkje gode nok lengre, slår Seland fast.

Han peikar òg på at unge er underrepresenterte i norske kommunestyre. I dei 20 forsøkskommunane kom fleire unge kandidatar inn på grunn av listeendringar.

– Ein fekk meir representative kommunestyre for dei unge veljarar stemmer på unge kandidatar. Stemmerett for 16-åringar vil kunne vere med på å korrigere det demokratiske underskotet det er at ungdom er underrepresentert, legg Seland til.

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune?

Utvida demokrati
I likheit med Seland peikar Frank Aarebrot at utviding av demokratiet slett ikkje er noko nytt i Noreg.

I den fyrste grunnlova var det berre norske menn over 25 år av ein viss rang som hadde stemmerett. Aldersgrensa har seinare vorte senka til 23 år (1920), 21 år (1946), 20 år (1967) og 18 år (1978).

I 1913 vart det stemmerett for kvinner – den gong vart det òg først utvida ved lokalvalet.

LNU-leiaren meiner det ikkje er eit argument i seg sjølv at stemmerettsalderen skal følgje myndigheitsalderen, og viser til at me har mange ulike aldersgrenser. Medan ein må vere 21 år for å kjøpe sterk sprit og 25 år for å sterilisere seg, kan ein velje veg i livet lenge før.

– Skiljet mellom barn og vaksen er òg i ferd med å viskast ut. Når du er femten kan du til dømes velje kva utdanning du vil ta, noko eg meiner har mykje større konsekvensar for den enkelte enn kva dei stemmer ved eit val, seier Seland.

I tillegg til myndigheitsalder er kompetanse og modenheit vanlege innvendingar mot å senka aldersgrensa for å stemma.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett

Umodne 40-åringar og modne 12-åringar
Frank Aarebrot peikar på at alder ikkje er nokon garanti for kompetanse og at dette kravet i si tid vart brukt som argument mot allmenn stemmerett for kvinner av same parti som i dag er imot at 16-åringar skal få stemma.

Seland meiner at modenheitsargumentet er eit vikarierande argument, fordi ein ikkje stiller eit slikt krav til andre aldersgrupper.

Professor Aarebrot går enno hardare ut mot det han kallar den evige modenheitsdiskusjonen.

– Eg kjenner mange 40-åringar som ikkje er modne. Du har både modne 12-åringar og umodne 40-åringar. Psykisk utviklingshemma har til dømes stemmerett, sjølv om mange av dei kan ha ein mental alder som er langt lågare. Ein senil 90-åring er ikkje alltid moden – kanskje heller overmoden, avsluttar Aarebrot.