Gjev klimastreikande ungdom røysterett!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I desse dagar streikar tusenvis av skuleelevar i heile verda. Også i norske byar har elevar tydd til gatene som ein påverknadskanal.
Det handlar om ei kjensle av at politikarar heller prioriterer kortsiktig gevinst enn langsiktig stabilitet. Det handlar om angsten for at klimaendringane kan rokke ved vårt livsgrunnlag.
Det handlar om å ikkje bli tatt på alvor.
Det handlar om sparebøssa til 16-åringane
For ungdomen blir ikkje tatt på alvor – med god grunn. Dei har nemleg ikkje røysterett.
Om ungdomen sine bekymringar skal bli høyrde, så må demokratiet utvidast til å også omfatte 16-åringar.
16-åringar blir definitivt påverka av avgjerdene som blir tatt i Stortinget, fylkesting og kommunestyrer rundt om i landet. Dei brukar bussen og nytter kulturtilbod. Dei kan straffeforfølgast, dei kan melde seg inn og ut av trussamfunn.
Når Stortinget diskuterer handlingsregelen, er det sparebøssa til 16-åringane som det forhandlast om.
Det ligg i kjernen av demokratiet at dei som nytter offentlege tenester, dei som kan dømmast etter lovar og som må yte skatt til fellesskapet, skal kunne påverke dei same instansane.
Dersom ein er myndig nok til å fylle ut sjølvmeldinga, bør ein verkeleg også få velje sine representantar.
Les også: Malta gir stemmerett til 16-åringar
Generasjonskløfta
Vidare belyser elevane sine klimastreikar ei urettferdig generasjonskløft. Ungdom er mest påverka av avgjerdene som blir tatt i dag, men har minst å seie.
Med ein aukande levealder får ungdom stadig mindre makt opp mot eldre samfunnsgrupper
Med ein aukande levealder får ungdom stadig mindre makt opp mot eldre samfunnsgrupper. Dette påverkar sakene som diskuterast, og politikarane som veljast. Ved å innføre røysterett for 16-åringar kan vi spreie makta til å inkludere 130 000 nye veljarar, og rette opp igjen balansen.
Røysterett for 16-åringar kan dessutan heve kunnskapsnivået blant ungdom.
Mange som får røysterett i ein alder av 18 eller 19 år, er i livsfasar der dei ikkje har høve til å setje seg inn i politiske parti før valet. Nokre tener i førstegongstenesta i Sør-Varanger, andre reiser til Søraust-Asia for å finne seg sjølv. Då er det ikkje alltid tid til å lese seg opp på gruvedumping i Repparfjorden.
16-åringar, derimot, kan få partiprogramma inn gjennom undervisinga.
Les også: Feirer stemmerettsjubileet i Storbritannia med å løfte fram kvinnelege parlamentsmedlem
Stemmerettsforsøk for 16-åringar
I forsøksordninga ved kommunevalet i 2011 hadde 16-åringane høgare valdeltaking enn førstegongsveljarane over 18 år. Jo høgare prosentdel som røyster, jo meir legitimitet får politiske avgjerder.
Jo høgare prosentdel som røyster, jo meir legitimitet får politiske avgjerder
Å senke røysterettsalderen er både eit gode for ungdom som bryr seg om framtida si, for dei som tek avgjerdene, og for demokratiet som heilhet.
Vi strevar stadig etter eit sterkare og meir levande demokrati. Då må vi ta elevane sine krav på alvor, la ungdomen gå til urnene og engasjere større delar av befolkninga i avgjerder som påverkar dei.
Skal ikkje måtte streike
Ungdom skal ikkje måtte streike for å påverke klima- og miljøspørsmål. Dei skal rett og slett kunne gå inn i ei valbod, som oss røysterettsføre, på ein måndag i september.
Det er på tide å utvide demokratiet til å også omfatte 16-åringar
Det er på tide å utvide demokratiet til å også omfatte 16-åringar. Først då tar vi den streikande ungdomen på alvor.
Fredag 22. mars streika over 36.000 ungdommar for klima. Her kan du sjå nokre av dei beste plakatane: