Ja til røysterett for 16-åringar no!

Marthe Teigen Refsnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

16-åringar i dag veks opp i ei tid kor alt som blir snakka om er global oppvarming, og korleis vi må takle konsekvensane av det. Politikarane som skal styre landet vi bur i kranglar om bompengar i staden for å ta ansvar for den største verdskrisa vi har sett nokon gong.

Politikarane som skal styre landet vi bur i kranglar om bompengar i staden for å ta ansvar for den største verdskrisa vi har sett nokon gong.

Vi er omgitt av vaksne folk som trur at den beste måten å kjempe mot «kroppspresset» på, er å snakke mest mogleg om det.

Kontroll over eiga framtid

Menneska som skal avgjer korleis framtida vår skal bli eller ikkje bli, kjem ikkje til å leve lenge nok til å oppleve den sjølv eingong. Og likevel lurer forskarar på kvifor nær halvparten av norske ungdomar i dag slit psykisk?

I staden for å lure på kvifor, bør dei heller byrje å lure på kva de kan gjere for å snu på det. Kva med å gi oss kontroll over vår eiga framtid?

Kva skal vi med eit vitnemål for ei framtid som ikkje eksisterer for oss uansett?

Seier det ikkje nok at fleire tusen ungdomar ofrar vitnemålet sitt kvar veke for å redde si eiga framtid? Kva skal vi med eit vitnemål for ei framtid som ikkje eksisterer for oss uansett? Eg er jo berre 16 år, og har ifølgje mange av dykk, ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Men dersom ikkje ein 16-åring kan seie noko, kven kan?

Unge eldsjeler

I lokalpolitikken er det eit svært hol i aldersgruppa «unge vaksne» i byar og bygder utan høgskule/universitet. Dette er fordi dei fleste unge flyttar når dei fyller 18, fordi det ikkje er noko som held dei på heimstaden. Det blei derfor vedtatt på Fylkesting for ungdom 2019 at Ungdomspolitisk utval skal jobbe for røysterett for 16-åringar.

For å styrke lokaldemokratiet, og skape meir mangfald

For å styrke lokaldemokratiet, og skape meir mangfald i by- og kommunestyra, må stemmerettsalderen ved kommuneval bli sett ned frå 18 til 16 år. Dette vil opne opp for mange unge eldsjeler, som ein stenger ute med dagens ordning.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?