To av tre studentar veit ikkje korleis dei skal seie frå om trakassering

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram av spørjeundersøkinga Studiebarometeret, som vart gjennomført hausten 2019.

Berre 32 prosent av studentane svarer ja på spørsmålet «eg har fått informasjon frå universitetet/høgskulen om varslingssystemet». 32 prosent av studentane svarer nei på det same spørsmålet, medan 37 prosent svarar veit ikkje/hugsar ikkje.

Det er forklart at spørsmålet handlar om system og rutinar for varsling av seksuell trakassering eller mobbing.

Det har likevel vore ein svak auke i delen studentar som seier dei har fått informasjon om varslingssystem. I 2018 svarte 29 prosent ja og 37 prosent nei, medan 34 prosent svarte veit ikkje/hugsar ikkje.

Nesten 32.000 studentar har svart på undersøkinga.

Praksis-uro

I undersøkinga i år har studentane fått fleire spørsmål enn tidlegare om praksis i utdanningane.

Studentane er nøgde med korleis dei blir tatt imot på praksisstaden og rettleiinga dei får under praksis, men mindre tilfredse med korleis skulen eller universitetet førebur dei på praksisen.

Terje Mørland er administrerande direktør for NOKUT. Foto: NOKUT

– Det bekymrar meg at studentane ikkje er meir nøgde med korleis dei blir førebudde før dei skal ut i praksis. Her har mange av studieprogramma noko å jobbe vidare med, seier direktør Terje Mørland ved Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut).

På ein skala der 1 er lågast og 5 høgast, er gjennomsnittleg score 3,6 på spørsmål om kor tilfredse studentane er med informasjonen dei fekk i førkant av praksisopphaldet.

Scoren er 3,4 når spørsmålet er kor tilfredse dei er med korleis institusjonen førebudde dei på praksis.

Lite kontakt med arbeidslivet

Eit anna funn som uroar styresmaktene, er at mange studieprogram har lite kontakt med arbeidslivet, og at bedrifter i lita grad blir involverte i undervisninga, ifølgje studentane.

Berre halvparten av dei spurde svarer at dei får god informasjon om korleis kompetansen kan brukast i arbeidslivet, og kva yrke som er relevante for dei.

Endå færre svarar at representantar frå arbeidslivet bidrar i undervisninga, og berre 30 prosent ser gode moglegheiter for å jobbe med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet.

– Utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet må komme tettare på kvarandre og samarbeide meir enn dei gjer i dag, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Det er særleg teoritunge fag som statsvitskap, antropologi og sosiologi som scorar lågt på tilknyting til arbeidslivet.

– Det trengs mange ingeniørar og det er veldig kamp om hovuda, seier Jon Haugvaldstad Vik, som har fått fast jobb i AF-gruppen allereie før han er ferdig med mastergraden i bygg- og konstruksjonsteknikk.

Politistudentar mest nøgd

Det er politistudentane som overordna sett er klart mest nøgde med utdanninga si.

På ein skala frå 1 til 5 om kor tilfreds ein er, får politistudentane ein gjennomsnittsscore på 4,7.

Nærast følgjer fysikk med 4,4 og matematikk-statistikk, medisin, geografi, sivilingeniør, rettsvitskap og primærnæring, alle med 4,3.

I motsett ende av lista gir svara frå studentar som skal bli grunnskulelærar, ein overordna tilfredsscore på 3,8. I botnen ligg òg lektor og logistikk-sikkerheit med 3,9.

– Tala viser tydeleg at det er relativt liten variasjon mellom dei fleste utdanningstypane, heiter det i rapporten.

 

Den er fantastisk kjekt å byggje oppatt skadde framtenner, slik at folk kan smile breitt igjen, fortel tannlege Signe Rydland. Foto: Privat