Jon (24) fekk fast jobb eit halvt år før han fullfører mastergraden: – Det er veldig kamp om hovuda

I fjor starta AF Gruppen ei talentjakt der dei tilbyr konkurransevinnarane gratis kollektiv og fagleg rettleiing. No er dei i gang med ein ny runde.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jon (24) fekk fast jobb før han er ferdig utdanna: – Det er veldig kamp om hovuda

– Det kjem berre til å bli meir og meir fight om ingeniørane, seier Jon Haugvaldstad Vik.

24-åringen frå Randaberg har fått kjenne på det allereie. Han sit i ein grå sofa i eit treetasjes kollektiv på Skillebekk i Oslo. Her bur han og fem medstudentar – heilt gratis.

«Vil du bu gratis i eitt år?»

Tidlegare i år vann studentane ein ingeniørkonkurranse i regi av konsernet AF Gruppen, premien var eitt års gratis bustad. Sjølv om det kjem godt med i studentøkonomien har ikkje Vik rekna på kor mykje han sparar.

For han var nemleg den største premien å bli godt kjent med ein potensiell arbeidsgjevar.

No har Vik sikra seg fast jobb i AF Anlegg, allereie eit halvt år før han er ferdig med mastergraden i bygg- og konstruksjonsteknikk.

Det var hausten 2018 at ein reklame dukka opp i sosiale medium kanalane til Vik. «Vil du bu gratis i eitt år? Spel det spelet her», minnast han at det stod.

Vik var blant dei som brukte lang tid på å betra poengskåren sin på nettspela, som han forklarar at mellom anna likna på klassikaren Tetris. Dei 1900 registrerte spelarane prøvde spela over 167.000 gonger for å få best mogleg poengsum. Av desse gjekk 200 vidare til semifinalen der dei fekk oppgåver som var tydelegare ingeniørretta og skreiv motivasjonsbrev.

Med fast jobb i boks og utan buutgifter kan Jon haugvaldstad Vik (24) fokusera på å gjennomføra masteren med gode resultat. I bakgrunnen heng eit bilete av resten av AF-kollektivet.

Kollektivliv

Av desse vart studentgrupper frå tre ulike byar inviterte til ei finalehelg i Trysil, der det skulle avgjerast om kollektivet skulle vere i Bergen, Oslo eller Trondheim.

Her var det studentane ved OsloMet som trakk det lengste strået og gjekk sigrande ut. Etter ein ny runde med intervju valde AF Gruppen ut seks studentar frå vinnarteamet som fekk flytta inn i det som vert kalla AF-kollektivet.

– Korleis er det å bu med folk som du har kome saman med på denne måten?

– Det går veldig greitt. Me har ganske lik tilnærming til ting. Kva me vil i livet og seriøsiteten i kvardagen med tanke på skule og korleis me er overfor kvarandre, ryddigheit og slikt, svarar Vik.

Oljenedturen i Stavanger

På vidaregåande tok Vik realfag på St. Olav i Stavanger, før han gjekk rett vidare på ein bachelorgrad som byggingeniør.

– Rett etter eg starta i Stavanger kom den oljenedturen. Eg kjente ein del som byrja på petroleum og då var det veldig mange som bytta over og dei var veldig usikre på vegen vidare, fortel 24-åringen.

Sjølv føler han at han har gjort eit veldig godt val, som han ikkje angrar på.

– Det byggast jo alltid i landet, så det er jo ein veldig trygg retning å gå. Akkurat no er det ein veldig bra val og det trengs mange ingeniørar.

Desse seks ingeniørstudentane frå OsloMet vann eitt års gratis husvære i Oslo. F.v: Jonas Guriby Dahl, Siv Fredriksen Kaarstad, Eldbjørg Aaraas Hånde, Cecilie Erland, Jon Haugvaldstad Vik og Ådne Iversen. Foto: AF Gruppen

Strak veg til sommarjobb

Heile fire av dei seks studentane i kollektivet sikra seg sommarjobb i AF Gruppen. Vik jobba på eit vegprosjekt langs E6 i Soknedal i Trøndelag der han vekependla og budde på brakke.

– Der lærte eg sjukt mykje og føler eg gjorde ein god jobb, seier Vik.

Han fekk stadfesta mistankane sine om at han hadde gjort eit godt inntrykk då han søkte på stillingsannonsa for nyutdanna og vart kalla inn på intervju relativt fort. Sjølve intervjuet gjekk òg veldig greitt, sidan han kjente arbeidsgjevaren såpass godt frå før, så når han fekk tilbodet var det ikkje tvil om at han ville takka ja.

For den snart ferdigutdanna ingeniøren er valmoglegheiter, moglegheiter til å vekse vidare, det sosiale og ein ikkje for formell tone noko av det han ynskjer seg av ein arbeidsplass.

Han merkar at AF-kollektivet er noko som skil seg ut og ser at dei fungerer som ein slags studentambassadørar, slik at ordet spreier seg

– Eg trur at AF forstår at om ein skal få nokon til å bli AF-arar, så må ein ta dei inn tidleg.

Facebook-sidene til AF-kollektivet deler AF Gruppen informasjon om konkurransen og videoar av det første vinnarkullet:

Rekrutteringssjef: – Ei god investering

Rekrutteringssjef i AF Gruppen Annette Strøno stadfestar at det er hard konkurranse om dei beste hovuda. Dei freista difor å tenkje utanfor boksen for å tiltrekkje seg dei beste søkarane.

Rekrutteringssjef i AF Gruppen, Annette Strøn, er nøgd med merksemda AF-kollektivet har fått. Foto: AF Gruppen

– Det me såg når me var ute på høgskular og universitet var at det var vanskeleg for studentane å skilje dei store aktørane frå kvarandre. Flinke studentar er veldig attraktive difor er det ekstremt viktig å skilje seg ut og treffa dei tidleg, understrekar Strøno.

Dei er like interessert i å knyte til seg førsteårsstudentar, som dei som har kome til masternivå. Konkurransen er difor open for alle ingeniørstudentar, uavhengig av kva trinn dei er på.

I år har interessa vore endå høgare. 2200 studentar deltok i første runde og spelte tilsaman om lag 140.000 gonger.

Elevar frå NTNU Trondheim, OsloMet, Høgskulen på Vestlandet, NMBU Ås og NTNU Gjøvik kom vidare til semifinalen. I desember vert det klart kva for tre skular som kjem til finalehelga i Trysil februar 2020.

Strøno fortel at rekrutteringsprosjektet har gått over all forventning. Ho forklarar at kollektivet har vore ein suksess på den måten at studentane som fekk vere med på konkurransehelga i Trysil fungerer som ein slags «sanningsvitne» om bedrifta og moglegheitene dei har fått.

– Me ser at det er ei god investering. Brandinga AF Gruppen får utad er ein viktig verdi, seier rekrutteringssjefen, som ikkje vil ut med kor mykje pengar dei bruker på prosjektet.

– Det er ein bransje der det er mykje kamp om talenta, difor må me selje oss inn som ein attraktiv arbeidsgjevar. Det går begge vegar, understrekar ho.

Karen Anna Kleppe starta på Nynorsk Mediesenter hausten 2017. I vår fekk ho fast jobb i TV2. Foto: privat