Thomas Håranes er èin av fem elevar som prøvar ut det nye tilbodet YSK ved Sauda vidaregåande skule. I år er han tre dagar på skulen og to dagar på Norsk Stein i Suldal.
Mikkel Wigestrand, Suldalsposten.no
Mikkel Wigestrand, Suldalsposten.no
PILOTPROSJEKT YSK
  • Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er eit nytt studietilbod og pilotprosjekt ved Sauda vidaregåande skule.
  • Elevane får ein spesiell studiekompetanse og fagbrev på fire år. Dei tre første åra er ein tre dagar på skulen og to dagar i bedrift. Siste året er det to dagar på skulen og tre dagar i bedrift.
  • Elevane får løn under opplæringa og blir prioriterte til elevbustadene på Sauda Campus.
  • Studietilbodet krev eit høgt karaktersnitt og minimum karakter 4 i matematikk og naturfag. I tillegg må dei ha lite fråvær og gode ordenskarakterar frå ungdomsskulen.
  • YSK er eit tilbod på teknikk og industriell produksjon-linja (TIP) og skal prøvast ut på fire årskull.
  • Avdelingsleiar ved Sauda VGS, Bård Børresen Lien, har tru på at tilbodet kan bli utvida i framtida.
  • Dei lokale bedriftene som tilbyr læreplass er Norsk Stein i Suldal og Eramet i Sauda. Djuvik Maskinering tilbaud også læreplass i CNC-faget (datastyring og kontroll), men fekk ingen søkjarar. Dette tilbodet står ved lag også denne hausten.

Kjelde: Sauda vidaregåande skule

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først publisert i Suldalsposten.

To arbeidskarar kjem inn døra, den eine ein del yngre enn den andre. Her et me stein til lunsj også, smiler driftsleiar Gunnar Kvåle og peikar på støvbarten til læreguten.

Ikkje altfor travelt

Det er jo ikkje enkelt, men det går heilt fint, seier Thomas om skuleordninga. Han hadde trudd det skulle bli verre då han søkte.

– Me fekk høyra om tilbodet ganske tett opptil søknadsfristen, og eg hugsar at eg var litt skeptisk i starten. Nå sit eg nå her, smiler 16-åringen.

Han synest det er stilig å vera prøvekanin i pilotprosjektet. At han berre får fem veker ferie i året, ser han ikkje på som noko negativt.

– Det skjer ikkje allverda på Sand i skuleferiane uansett, og så tener eg jo pengar, poengterer han.

«Det viktigaste med val av vidaregåande skule er at du vel det du sjølv vil, ikkje det alle andre vil at du skal velje,» skriv TAF-elektroelev Tomine (18) i dette innlegget! 

Lange dagar

Måndag til onsdag bur han på hybel i Sauda og er på skulen frå åtte til tre. Torsdag og fredag er han på Norsk Stein i totalt 15 timar.

– Eg har jo ikkje lappen, så eg må sitja på med kollegaer. Annankvar fredag sit eg på med Gunnar.

Sandsguten er svært nøgd med opplegget og vil ha både fagbrev som prosessoperatør og spesiell studiekompetanse når han er ferdig. Realfagsmatte, fysikk og eventuelt kjemi blir fordelt over dei tre siste åra.

– Det gir meg eit godt grunnlag for å ta ingeniørutdanning, og eg trur det blir noko mekanisk.

Les også: Berre halvparten av elevane på vidaregåande brukar rådgjevartenesta

Mykje vedlikehald

Ein ny læremeister stig inn i rommet, kvalitetsansvarleg Terje Bog.

– Hiv på deg verneutstyret, så dreg me opp til siktene.

I haust har Thomas vore med på diverse vedlikehald av transportband og sikter som sorterer steinen.

– Me dreg opp til 52401, det er nokre dukar der som må skiftast.

Terje forklarer at talsystemet er enklare enn det høyrest ut, og at ein raskt lærer seg dei ulike kodane for transportband, sikt og knusar.

Les også: Henriette (18) drøymer om å setja seg bak rattet i ein diger Scania

Skal innom alt

I løpet av dei fire åra skal Thomas innom dei fleste av avdelingane på steinknuseriet.

I dag er han på driftsavdelinga, der dei følgjer med på knusinga av steinen og utfører mindre vedlikehaldsarbeid.

Seinare skal han innom vedlikehald, der det er snakk om større ting som girkassar og steinknusarar. Planane er ikkje heilt fastsette, men han skal få prøva seg i laboratoriet, på ferdigvare (utskiping) og i steinbrotet også, seier driftsleiaren.

Han synest det er viktig at lokale bedrifter bidreg til at skuletilbodet i Sauda blir styrka. I tillegg ser han verdien i å ha ein lokal unggut med på laget.

Kvardagen er variert for Thomas som her slår på plass den nye duken i sikta.

Dyre vurderingar

Vel framme i sikta kjem ein driftsmann mot oss med ein godt brukt silduk.

Thomas observerer medan dei to diskuterer. Etter ei stund i tenkjeboksen kjem dei fram til at den 3000 kroner dyre matta er for slitt til å brukast på ny.

Om maskene slitnar, vil for store steinar finna vegen gjennom sikta. Då er steinen ubrukeleg og må deponerast.

Dette er slikt du lærer å vurdera med tida, seier han oppmuntrande til læreguten, og gir han i oppdrag å setja inn ei ny matte.

Bilen snor seg under hovudvegen og mot brotet. Framfor oss ruvar enorme maskinar på opptil 100 tonn.

På denne skulen lokkar dei elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app!

Som prosessoperatør kan Thomas få jobb i kontrollbrakka ved primærknusaren. Ei diger klokke som roterer i botn malar sund steinen til mindre bitar.

Kontrollerer prosessen

– Dette kan bli den nye arbeidsplassen din om nokre år, seier Terje og peikar mot primærknusaren.

Der eltar ei enorm stålklokke nesten 3000 tonn med stein i timen til mindre bitar. Prosessoperatøren sin jobb er å sjå til at dumparane leverer stein i rett storleik og at knusinga skjer slik den skal.

– Og så skal han få rota litt nedi knusaren med denne rakkaren.

Terje peikar på ein enorm gravemaskin med ein pigg ytst på armen. Den blir styrt frå kontrollrommet med eit styringspanel.

Les også: Regjeringa jublar over at rekordmange fekk læreplass i fjor

Meister-lærling-modellen

I skulen snakkar ein ofte om pedagogiske grunnsyn. Det er liten tvil om at meister-lærling-prinsippet kjem til sin rett på Norsk Stein. Thomas får sjå, læra og bli kjent med prosessane ute i bedrifta, før han sjølv overtek plassen i kontrollrommet. Då er det plutseleg han som sit med spakane, og koordinerer produksjonen i det største steinbrotet i Europa.

Saka var først publisert i Suldalsposten.

På skjermen i kontrollrommet er sikta merka med raudt når den er låst.

 

Oppdatert: fredag 1. mars 2019 11.01

Kommentarar

ANNONSE