Studentar veit ikkje korleis dei skal melde frå om trakassering

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er skremmande at så få veit kor dei skal vende seg for å melde frå om seksuell trakassering, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon, Håkon Randgaard Mikalsen på telefon til Framtida.no.

I ein rapport frå 2017 fortalde éin prosent av studentane at dei hadde vorte utsett for seksuell trakassering frå tilsette det siste halvåret. Desse tala finn ein ikkje att i talet på varslingssaker, noko som uroar Mikalsen.

Les også Universitas og NSO si undersøking: 13.500 studentar har opplevd seksuell trakassering

Nye rutinar etter #metoo

I år er sjette gong Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) presenterer den årlege undersøkinga som vert gjennomført blant andre- og fjerdeårsstudentar.

I Studentbarometeret for 2018 har over 30 000 studentar for første gong svart på om dei har kjennskap til utdanningsinstitusjonane sine varslingssystem ved trakassering. Det kan vere både seksuell trakassering, mobbing eller liknande.

Resultata viser at studentane i liten grad kjenner til varslingssystema. Under ein tredel svarar at dei har fått informasjon om dette frå utdanningsinstitusjonen.

– No har me ikkje tal å samanlikna med, men det verkar ikkje som det er skjedd så mykje på dette området. Med tanke på fjoråret der mange institusjonar fekk nye rutinar som følgje av #metoo, så er det trist at dei ikkje ser samanhengen med å få ut informasjonen, seier Mikalsen.

Han peikar på at det er ekstra viktig med gode informasjonsrutinar sidan det kvart år kjem mange nye studentar til institusjonane.

Les også: Sykepleierforbundet fryktar studentar blir utsette for seksuell trakassering

Forlangar betre informasjon

Norsk studentorganisasjon meinar god informasjon om korleis studentar varslar når dei opplever kritikkverdige forhold burde vere heilt grunnleggjande for utdanningsinstitusjonane.

– For studentar og tilsette kan det ofte oppfattast som eit val mellom det utdannings- eller karriereløpet du er i gang med og det å varsle. Det gjeld spesielt i små fagmiljø. Då er det eit minimum å forvente at ein får god og tilgjengeleg informasjon slik at det føles trygt og ein er sikker på at varselet eller meldinga vert handsama på ein skikkeleg måte, understrekar NSO-leiaren.

Han understrekar at det er institusjonen sitt ansvar å følgja opp sakene, men om ein skulle vere usikker på kvar ein skal vende seg kan ein kontakte anten studenttillitsvalde eller studentombod for å få rettleiing.

Les også: Studentombod skal gi betre vern mot trakassering

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vil at fleire skal fullføra graden. Foto: Marte Garmann

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vil ha betre resultat på neste års Studiebarometer. Foto: Marte Garmann

Misnøgd minister

Norsk studentorganisasjon meiner høgskulane og universiteta må sjå til grunnskular og vidaregåande skular. Desse har nemleg lovfesta nulltoleranse for seksuell trakassering gjennom opplæringslova.

NSO forventar at utdanningsinstitusjonane set i gang strakstiltak for å forbetra tala og krev at utdanningsminister Iselin Nybø reviderer lovverket.

Nybø er heller ikkje nøgd med dagens situasjon og viser til fleire kjente saker om trakassering på universitet og høgskular dei siste åra.

– Ingen studentar skal måtte oppleve trakassering, men når det likevel skjer må det vere låg terskel for å varsla. Når så mange svarar at dei ikkje har fått informasjon om system for varsling ved trakassering betyr det at universiteta og høgskulane har ein jobb å gjere, seier ho i ei pressemelding få Kunnskapsdepartementet.

Departementet understrekar at studentar og tilsette har lovfesta rett på eit forsvarlig lærings- og arbeidsmiljø, at alle utdanningsinstitusjonane skal jobba med å hindra at trakassering skjer, og at det er tydelege rapporteringskanalar og at slike saker vert følgt skikkeleg opp.

Det er store forskjellar mellom institusjonane når det kjem til kor mange studentar som svarar at de har fått informasjon om varsling.

– Det er institusjonane sjølv som skal handsame varslingssaker og vurdera reaksjonar. Mange universitet og høgskular har teke situasjonen på alvor, men Studiebarometeret viser at alle må gjere meir for at informasjonen om varslingsrutinar kjem fram til studentane og blir fanga opp, avsluttar Nybø.